Hopp til innhold

- Varslarane taper alltid

Jussprofessor gjev rådmannen i Lærdal full støtte.

Henning Jakhelln

Jussprofessor Henning Jakhelln seier det nesten er alltid dei som varslar om urovekkjande saker på arbeidsplassen som vert taparen i det lange løp. I Lærdal kan det sjå ut som professoren får rett no når rådmann Bent Grytten søkjer seg vekk frå kommunen etter det massive bråket mellom han og ordførar Arne Sanden. jussprofessor Henning Jakhelln.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

- Rettsvernet i denne biten er ikkje godt nok etter mitt syn.

Jussprofessor Henning Jakhelln

- Varslarane taper nesten alltid i det lange løp, seier jussprofessor Henning Jakhelln.

Fastlåst konflikt

Bent Grytten

Rådmann Bent Grytten vil vekk frå bråket i Lærdal kommune.

Foto: Jan Egil Fimreite Sogn Avis
Arne Sanden

Ordførar Arne Sanden i Lærdal gav rådmannen i kommunen eit ultimatium. Slutt eller seier unnskyld.

Foto: Cosmin Cosma / NRK
Per Yngve Monsen

Per Yngve Monsen varsla i den såkalla Siemens-saka, men erfaringane hans etter at han varsla er ikkje gode.

Foto: NRK
Oddvar Flæte

Fylkesmann Oddvar Flæte meiner rådmannen i Lærdal har handla rett.

Foto: Asgeir Reksnes

Rådmannen i Lærdal, Bent Arild Grytten, har byrja å søkje på andre jobbar etter den svært oppheta konflikten med ordførar Arne Sanden i Lærdal kommune.

Grytten har fått brei støtte etter at han blanda seg inn i ordføraren sin økonomiplanleggjing.

- Varslarane har det vanskeleg

Men professoren meiner arbeidssituasjonen ofte blir for vanskeleg for dei som har varsla utanforståande om kritikkverdige tilhøve.

- Det er den som seier i frå er den som vert sitjande som svarteper.

- Sjølv om han har rett?

- Rettsvernet i denne biten er ikkje godt nok etter mitt syn, seier professoren.

Jakhellen meiner arbeidsforholda kan bli så vanskelege etter å ha varsla at det vert vanskeleg å halde fram i jobben.

- Det er problemet. Dei som har varsla har kanskje rett, og dei har kanskje til og med plikt på seg til å gje beskjed om at forhold som ikkje er slik dei skal vere. Men det vert vanskeleg likevel.

Grytten søkjer seg vekk

Innan Grytten var tilbake på jobb etter sjukmeldinga si i går, var det allereie kjent at han var blant søkjarane til stillinga som hamnedirektør i Bergen. Grytten har berre arbeidd i eit halvt år som rådmanne før han no vil vekk frå kommunen.

Konflikten som hadde murra mellom han og ordførar Arne Sanden ei stund eksploderte då han klaga på at ordførar Arne Sanden hadde blanda seg inn i jobben hans i arbeidet med kommunen sin økonomiplan.

-Sei opp eller sei unnskyld

Dermed fekk han klar beskjed frå ordførar Sanden. Sanden gav Grytten eit ultimatum. Anten skulle Grytten be om orsaking for innblandinga, eller så måtte han seie opp jobben sin.

- Eg vil åtvare på det sterkaste mot å ta ei slik sak til retten.

Varslar Per Ynge Monsen


Rådmannen kjende seg truga og trakassert, og varsla fylkesmannen og kommunestyret om korleis han opplevde situasjonen.

Brei støtte

Og han fekk støtte. Både kontrollutvalet i kommunestyret og fylkesmann Oddvar Flæte var raskt på pletten.

- Vi peika på at rådmannen har gjort ein jobb som etter det vi kan sjå er det han har plitk på seg til å gjere.

Ein annan som har opplevd det same som Grytten er Per-Yngve Monsen.

Han tipsa media om smøring og overfakturering i Siemens, og fekk mange godord og Fritt Ord-prisen for det. Men jobben i Siemens vart tapt for alltid.

Vert ståande aleine

- Dette handlar om makt, seier Per Yngve Monsen som sjølv varsla om urovekkjande tilhøve på arbeidsplassen Simens.

Sjølv om Grytten si sak neppe kan karakteriserast som ei varslingssak opp mot straffelova, er han framleis i sin fulle rett til å ta rettslege steg mot kommunen.

Det har også Grytten sjølv sagt at han har grunnlag for å gjere.

- Dersom arbeidstakaren har gjort denne jobben og til og med handla rett, men arbeidstakaren ikkje er samd blir det jo arbeidstakaren som slit, seier Monsen.

- Ikkje gå til retten med saka

Men Jakhelln ber han tenkje seg nøye om før han går til det steget.

- For det første er det eit stort spørsmål om bevisa i ei slik sak. Det er vanskeleg å føre bevis i slike saker for det vert snakk om kven som sa kva og kortid. Det andre problemet er at ei rettsak vil få store konsekvensar for varslaren. Ein risikerer å tape. Og ei slik rettsak tek tid og kostar mykje, seier professoren.

Jussprofessoren får støtte frå Monsen.

- Eg vil åtvare på det sterkaste mot å ta ei slik sak til retten. det medfører store kostnader personleg og økonomisk. Det er kanskje betre å flytte på seg dessverre.