Gaular-mannen fekk plass i familiebilen saman med ungane i baksetet berre to timar etter at drapet skal ha skjedd den 6. juni i fjor. Årsaka til at Sletteland plukka opp mannen som no er tiltalt for å ha drepe Anne Slåtten, er at han visste kven han var.
- Vi la ikkje merke til noko spesielt med 42-åringen under køyreturen, seier Sletteland. I etterkant kopla han ikkje den tiltalte til drapet før han fekk vite at han var sikta for drapet i oktober.
Jakka vanta
Sambuaren til Ove Sletteland har no vitna i retten, og fortalt om bilturen frå Førde til Bringeland søndag morgon.
Ho opplyste at dei køyrde frå Førde om lag halv ti, då dei plukka opp mannen som no sit på tiltalebenken.
- Han sa han venta på bussen. Vi spurte kvar han hadde vore. Då peika han oppover i byggefeltet.
Vitnet forklarer at dei sette han av på Bringeland, og køyrde vidare fordi dei skulle vidare mot Sørbøvågen.
Tiltalte er avbilda med ei jakke på Shellstasjonen, som vitnet kjenner igjen. Men ho er sikker på at han ikkje hadde på seg den jakka då han kom inn i bilen nokre timar seinare.