I går måtte 11 ungdomsskuleelevar til sjukehus etter at golvet rasa saman under ein konsert.
Sjå "Golv kollapsa - 11 til sjukehus"
Det senkbare golvet over orkestergrava vart bygd i 1974 og var berekna på 60-70 personar som sat på stolar. Men i går var det 200 personar som stod og hoppa i takt til musikken frå hip-hop-bandet Spetakkel.
Som ei trampoline
Ei av dei var Tiril Hjelmeland som måtte tilbringe natta på sjukehus etter å ha fått eit slag i hovudet under hendinga.
- Då vi stod der og hoppa kjentes golvet ut som ei trampoline, så det var ikkje overraskande at det fall saman, seier Tiril, som likevel ikkje hadde trudd det skulle skje.
Tilrår ekstra støtter
Magerholm har kontrollert golvet fleire gongar og seinast for to år sidan. Etter ei ulukke på midten av 80-talet har han tilrådd at dei brukar støtter under golvet ved konsertar der belastninga er ekstra stor.
Ein ungdom måtte opererast etter lårbeinsbrot medan dei andre slapp ifrå det med lettare skadar.