Hopp til innhold

- Me hjelper andre festivalar

Folkemusikkfestivalen i Førde avviser at dei ikkje gjer seg fortent til millionstøtta dei får for å vera knutepunktfestival.

Opptog Førdefestivalen

DELER: - Vi delar erfaringane våre med alle som spør, seier Hilde Bjørkum i Førdefestivalen. Biletet er frå opptoget gjennom Førde under årets festival.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

- Eg tykkjer dette blir litt rart. Eg føler det blir litt sånn jantelov-mentalitet. Ingen skal få lov til å vera betre enn andre. Eg trur det fungerer som andre stader i samfunnet, for eksempel i idretten, du må både ha topp og breidde, seier direktør før Førdefestivalen, Hilde Bjørkum.

- Sviktar ansvaret sitt

Kulturforskar Georg Arnestad sa denne veka at ordninga med å gje festivalar knutepunktstatus og dertil følgjande millionstøtte, ikkje fungerer slik kulturdepartementet hadde tenkt. For knutepunkt-festivalane har eit ansvar som strekker seg ut over det å vera best og leiande innan sine sjangrar.

- I dag har dette vorte ei rein festivalstøtte, seier Arnestad og viser til at 12 av 16 festivalar som får slik støtte, er musikkfestivalar.

Får millionar frå Staten

Hilde Bjørkum

JANTELOV: Bjørkum meiner kritikken har bakgrunn i jantelova.

Førdefestivalen har hatt knutepunkt-status sidan 2005. Det betyr at dei skal vera ein kunstnarisk spydspiss innanfor sin sjanger. Altso folkemusikk. Dei skal òg vera ei hjelpande hand for andre festivalar i same sjanger. Til gjengjeld får dei 4,9 millionar kroner i støtte frå Kulturdepartementet i tillegg til støtte frå fylkeskommunen og Førde kommune.

Arnestad meiner heile knutepunkt-ordninga bør evaluerast frå eksternt hold fordi ho ikkje har fungert. Bjørkum i Førdefestivalen meiner han tek feil i at dei ikkje oppfyller krava til støtte.

- Det er veldig viktig å ha slike kompetansemiljø som blir sett rundt om i landet, seier Bjørkum.

Må vera meir enn best

Georg Arnestad

EVALUERING: Arnestad vil ha nokon utanfrå som kan sjå på heile knutepunkt-ordninga.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Men knutepunkt-festivalane har eit anna ansvar enn berre å vera best. Dei skal òg hjelpa dei andre festivalane i same sjanger, og der meiner kulturforskaren det har svikta. Dei andre festivalane får ikkje dra nytte av knutepunkt-festivalane sin leiande posisjon, meiner han. Bjørkum er ueinig og seier at dei hjelp alle som treng det.

- Me får jo spørsmål heile tida om korleis me gjer ting, og like mykje frå andre sjangrar som frå folkemusikkfestivalane.

- Kva svarar de då?

- Då gir me alt me har, hadde eg nær sagt. Me inviterer folk til å kome hit og køyrer ein eigen konferanse under festivalen, seier Bjørkum.

- Me tilbyr hjelp

Norsk Country Treff på Breim fekk knutepunkt-status i fjor, og fekk støtte frå departementet på 1,2 millionar kroner først i 2012. Dei vart utsett for kritikk tidlegare i sommar for nettopp at dei ikkje har bidrege med hjelp til dei andre festivalane. Men etter at kritikken kom, har dei kartlagt og teke kontakt med alle dei country-festivalane dei kunne finne, seier festivalleiar Eva Hage Solstad.

- Eg har teke den fyrste kontakten og informert om kva føresetnader som ligg til grunn for at vi har fått det statstilskotet. Så har eg bedt om tilbakemeldingar på kva dei ynskjer vi skal bidra med frå vår side, seier Hage Solstad.