Hopp til innhold

- Ille om vi vert eit underbruk

Rektor Karl Ottar Rundereim på Måløy vidaregåande skule fryktar dei vert eit underbruk under Eid om politikarane kuttar tilbodet i Måløy.

Måløy vidaregåande skule

KAN MISTE TILBOD: Måløy vidaregåande skule kan miste tilbod.

Foto: Arild Nybø / NRK

- Dette vil vere svært dramatisk for vår skule, seier rektor Karl Ottar Rundereim på Måløy vidaregåande skule.

Skular forsvinn uansett

Det var fleire som vart overraska i går då firmaet Norsconsult la fram tre modeller for den vidaregåande skulen i fylket.

Tre skular bli lagde ned uansett kva modell ein vel.

Det er Luster, Høyanger og avdelinga i Jølster ved Mo og Jølster Vidaregåande skule.

- Berre ein modell som tel

Og reaksjonanane har ikkje lete vente på seg.

Rektor i Stryn, Kirsti Horne, sa tysdag at ho rett og slett ikkje ville forhalde seg til dei to alternativa som betyr nedlegging av hennar skule.

- For meg som rektor må eg seie at det berre er ein modell som er aktuell, og det er modell ein. Dei to andre kan eg ikkje halde meg til, seier ho.

I dag seier rektor i Måløy at situasjonen er ille.

Delt i Nordfjord

- Det meste vil bli flytta til Eid og det er eit alternativ vi ikkje ser særleg lyst på, seier Rundereim.

Men samstundes som fleira av skulane i Nordfjord er blitt rusta opp dei seinara åra er det også her den største nedgangen i elevtalet er venta.

Men også i Nordfjord er det dei som kan gle seg.

Den vidaregåande skulen i heimkommunen til ordførar Alfred Bjørlo i Eid er vinnar uansett modell.

LES OGSÅ: Vil kutte 12 klassar i vidaregåande over heile fylket

- Vi må samarbeide

- Eg er oppteken at vi i Nordjford ser heilskapen på dette og at vi ikkje går i skyttergravene korkje den eine eller den andre vegen. No må vi jobbe godt regionalt saman, seier ordføraren.

I Høyanger vil ordfører Petter Sortland gje kampen om Høyanger vidaregåande skule høgste prioritet.

Høyanger slit

Skulen er føreslege nedlagt i alle dei tre ulike forslaga som konsulentselskapet Norconsult la fram i går.

Bakgrunnen er nedgong i elevtalet.

Sortland seier til Firda at nyheita er ille lesnad, og at dei no skal bruke heile nettverket sitt for å hindre at skulen vert lagde ned.