Hopp til innhold

Vil kutte 12 klassar i vidaregåande over heile fylket

Fylkesdirektøren for utdanning går inn for å kutte i alt 12 klassar ved dei vidaregåande skulane i fylket for neste år.

Sogndal vidaregåande skule

KUTTAR HARDT: Sogndal vidaregåande skule er den skulen som hardast vert råka av kuttplanane.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Samstundes går ho inn for å opprette sju nye, slik at minustalet blir totalt fem klassar.

Utgangspunktet for neste skuleår er at ungdomskullet som går ut av ungdomsskulen blir 88 færre enn i år. 42 færre i Nordfjord, 30 i Sogn og 16 i Sunnfjord.

Politikarane har bestemt at dei vdaregåande skulane får 2,5 millionar mindre å rutte med neste år.

– Kuttar ikkje i strukturen

Difor foreslår fylkesdirektør Bekka Skaasheim å redusere talet på klassar eller grupper på vg-1-nivå med to i kvart fogderi. I tillegg blir det enkelte rokkader - nokre misser klassar, medan andre skular får auka klassetal.

– Det vi har lagt vekt på er at vi ikkje skal røre ved strukturen, men så langt som råd er leggje til rette for ei vidareføring av det tilbodet den einskilde skule har. Det betyr at ein i stor grad har teke ned der ein har parallellar innanfor dei ulike tilboda, seier Skaasheim til NRK.

Men ut frå forslaget er det Sogndal som får dei største endringane. Dei misser ein klasse på idrettsfag både på vg1 og 2, dei misser ein klasse vg1 bygg- og anleggsteknikk, ein klasse vg2 på medium og kommunikasjon.

Kuttforslaga frå utdanningsdirektøren:

Årdal helsearbeidarfag VG2
Sogndal bygg og anleggsteknikk VG1
Sogndal idrettsfag VG1
Sogndal idrettsfag VG2
Sogndal medium/kommuniksasjon VG2
Sogndal påbygging VG3
Dale studiespesialisering VG2
Flora studiespesialisering VG3
Mo/Jølster design og handverk VG1
Måløy Teknikk / ind.produksjon VG2
Firda studiespesialisering VG1
Stryn studiespesialisering VG1
Totalt 12 klassar

Reagerer sterkt i Sogndal

Tillitsvald Kari Margrete Fardal i utdanningsforbundet har alt engasjert politikarane i indre sogn

– Det vi reagerer aller mest på er at det er ein reduksjon i VG1-klassar ved skulen vår til neste år som er større enn nedgangen i elevtalet i Sogndal og kommunane som soknar til skulen, seier Fardal til NRK.

Ho tykkjer Sogndal, som fylkets største vidaregåande skule, må ta alt for mykje av kutta her i fylket

– I tillegg så er det jo dramatisk at det er føreslege kutt i ein VG2-klasse på idrett. Det betyr i så fall at 14 elevar som no går i 1. klasse ikkje får halde fram her i 2. klassen. Dei må då flytte til andre ledige plassar ved idrettsfag i fylket, påpeikar Fardal.

Må sjå på søkjartala

Vg2 køyrety i Stryn var eit heitt tema i fjor og skulle vurderast i år, men direktøren finn ikkje plass for det.

Rektor Kirsti Horne er imdlertid glad for at skulen hennar får studiespeisalisering og transport og logistikk på vg2, men håpar framleis å få klassen i køyrety tilbake.

No skal forslaget handsamast av Opplæringsutvalet som bestemmer kva som skal lysast ut, men direktør Bekka Skaasheim meiner forslaget hennar er å leve med ut frå den økonomien ein har.

– Det er sjølvsagt når vi ser søkjartala at vi veit kva som går an å gjennomføre, seier