Hopp til innhold

- Hysterisk klimadebatt

Fysikkprofessor hevdar forskarar skyr debatten, i frykt for å bli idiotstempla.

Klimademonstrasjon i Jakarta
Foto: AHMAD ZAMRONI / AFP

- Norsk klima- og miljødebatt er prega av hysteri og fastlåste haldningar, meiner Egil Lillestøl, fysikkprofessor ved CERN i Sveits og ved Universitetet i Bergen.

Dermed vegrer forskarar seg for å delta i klimadebatten, hevdar han.

LES OGSÅ: Forsker mot klima-hysteriet

- Når vi ser på debatten i dag, så har den nådd hysteriske dimensjonar, seier han.

Egil Lillestøl

Fysikkprofessor Egil Lillestøl.

Foto: NRK

Merkelappar

Forskarar med nye teoriar om klimaendringar kvir seg derfor for å stå fram.

- Når dei blir møtt med - ikkje berre skepsis - men også fiendtlege personangrep, så er det noko som er heilt hakkande gale, seier han.

«Frp-sympatisør», «I lomma på oljeselskapa», «Blåruss», «Miljøfascist», er nokon av merkelappane tidlegare klimadebattantar har fått på seg, og som gjer at dei har trekt seg tilbake.

LES OGSÅ: Sår tvil om klimatrusselen

Avstår frå intervju

Dei forskarane NRK har snakka med, ønskjer ikkje å la seg intervjue. Det har blitt for ubehageleg å stille kritiske spørsmål i klimasaka.

Forskar Egil Lillestøl tviler ikkje på klimaeffekten av CO2-utslepp, men tviler på at dette er heile grunnen til at temperaturen og havet stig.

Veed forskingssenteret CERN er eit stort forskingsprosjekt i gang for å granske om større magnetisk aktivitet på sola kan vere ei tilleggsforklaring, ein teori Lillestøl meiner har blitt latterleggjort av klimaforskarar.

- Viss eg var klimaforskar, så hadde eg sagt at «OK, dette veit vi for lite om, og kan vere verdt å undersøke nærare.

- Usakleg kritikk

Tore Furevik

Klimaforskar Tore Furevik.

Foto: Arkivfoto: UiB

Klimaforskar Tore Furevik ved Bjerknessenteret i Bergen seier mykje av grunnen til personangrepa skuldast usakleg kritikk.

- Når folk skal forklare heile oppvarminga utan å peike på drivhuseffekten, så er det mange som vil reagere på framstillingsmåten, seier han.

Men Furevik er einig i at nye teoriar ikkje alltid blir tatt like godt i mot.

- Ein god del av debatten i media blir ført av folk som ikkje har så mykje kunnskap om det dei skriv om. Og derfor får ein lett eit inntrykk av at det er steile frontar, seier han.

LES OGSÅ: Vil betale mer for å redde klimaet