Hopp til innhold

- For dårlege på brannøving

Det er for dårlege rutinar når det gjeld gjennomføringa av brannøvingar i mellom anna handelshus, sjukehus og andre offentlege institusjonar i Førde.

Førde sentralsjukehus
Foto: NRK

Eit branntilsyn ved Førde sentralsjukehus viste at dei tilsette ikkje hadde naudsynt kunnskap, seier brannmeister i Førde Leif Otto Olsen.

- Dei har ikkje øvd direkte på det vi kallar branninstruksen. Vi har ikkje fått sett om den fungerar eller om det er feil og manglar på instruksen. Det verste som kan skje er den avdekkar manglar som føre til dødsfall ved ein brann, seier Olsen.

Han seier at dei som lagar til brannøvingar ofte hevdar at det vert for mykje uro, men Olsen meiner at då er ikkje øvinga planlagt godt nok.

Fleire avvik

I tilsynsrapporten frå tilsynet ved sjukehuset i Førde var det fleire avvik, men brannmeisteren meiner det er spesielt urovekkjande at dei tilsette ikkje har fått gjennomført nødvendige øvingar som dei skal gjere. Olsen fryktar konsekvensane av for dårlege øvingsrutinar. No meiner han sjukehuset har eit ansvar for å få til øvingar som er realistiske.

- Ikkje godt nok

Brannvernleiar ved Førde sentralsjukehus, Nils Arne Haukeland, vedgår at rutinane ved sjukehuset ikkje har vore gode nok.

- Det ligg ei stor utfordring for Helse Førde å gjennomføre brannøvingar på institusjonane, seier han.

- Godt system

Likevel meiner Haukeland dei i dag også har rutinar som gjer at farlege situasjonar ikkje vil få konsekvensar.

- Vi har eit veldig godt system for å oppdage brann. Vi har gode rutinar for å teste ut med portørane, vi har slokkeutstyr og konkrete personar på avdelingane som sjekkar om det er brann. I tillegg er dette ein brannteknisk trygg bygning. På eit sengerom skal det i teorien kunne brenne i 30 minutt utan at brannen spreier seg, seier han.

Men trass i ei konkret sak ved Førde sentralsjukehus seier brannmeister Olsen at det også er eit problem ved fleire andre institusjonar.