- Eg er fortørna over forslaget

Lærdalsordførar Arne Sanden fryktar hans eige parti har halde veljarane for narr.

Arne Sanden

Arbeidarpartiordførar Arne Sanden i Lærdal reagerer på forslaget til Helse Førde om fylket sitt helsetilbod i framtida.

Foto: Simon Solheim / NRK

Reaksjonane i Lærdal er sterke etter avsløringane om at Helse Førde vil vurdere full sjukehusnedlegging i løpet av tre år.

- Sogndal meir eigna

Arild Ingar Lægreid, Arne Sanden og Olav Ellingsen

Arild Ingar Lægreid, Arne Sanden og Olav Ellingsen då dei fekk informasjon om planen til Helse Førde frammover.

Foto: Arne Stubhaug / NRK
Anne-Grethe Strøm-Erichsen

Helseminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen møtte styreleiar Clara Øberg fredag.

Foto: Arne Stubhaug / NRK
Clara Øberg og Jorunn Ringstad presenterer strategiplanen

Clara Øberg og Jorunn Ringstad presenterer strategiplanen

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK
Styremøte i Helse Førde: Vidar Vie (t.v.), Jon Bolstad og Clara Øberg
Foto: Torje Bjellaas / NRK
Lærdal sjukehus

Lærdal sjukehus kan bli distriktsmedisinsk senter, og flytta til Sogndal.

Foto: unknown / NRK

Helseføretaket meiner Sogndal kan vere ein meir eigna plass for distriktsmedisinsk senter enn Lærdal sjukehus.

- Eg synest det er viktig å bruke fagmiljøet og bygget som er i Lærdal, seier sjukepleiar ved Lærdal sjukehus, Monica Helland.

Ho synest det er merkeleg at høyringsdokumenta frå Helse Førde legg opp til Sogndal som eit betre alternativ.

For på side 28 i høyringsdokumenta om korleis sjukehus-Sogn og Fjordane skal sjå ut er Sogndal nemnt som ein stad eit destriktsmedisinsksenkter kan ligge.

Berre eit sjukehus

Etter møtet mellom Helse Førde, Helse- og omsorgsdepartementet og ordførar i fylket fredag førre veke, vart det klart at helseføretaket ønskjer sentralsjukehus i Førde og to distriktsmedisinske senter.

Alle rekna då med at planen var å gjera Nordfjord og Lærdal sjukehus om til slike senter. Men dokumenta legg altså opp til Sogndal som eit betre alternativ enn Lærdal, og lærdalsordførar Arne Sanden ante kva som var i jære på fredag.

Oppskaka av forslaget

- Det er nok slik at vi er fortørna både eg og ordføraren i Årdal. vi reagerte umiddelbart på dette. Dei snakka konsekvent om Indre Sogn og ikkje Lærdal. Medan dei brukte Eid konsekvent for Nordfjord, seier Sanden.

- Ser du nok poeng i det Helse Førde kjem med?

- Nei. Betre kommunikasjon skal gjere det lettare å kome seg til Førde. Men det må også gjelde andre vegen.

- Kan ha halde veljarane for narr

Soria Moria 2-erklæringa til regjeringa seier at ingen lokalsjukehus skal leggjast ned. Dersom det er tomt og nedrydda på Lærdal sjukehus til 2013, innrømmer Sanden hans eige arbeidarparti har heldt velgjarane for narr.

- Då har vi ført veljarane bak lyset. Eit slikt utfall er utenkjeleg i mine auge. Vi vil utfordre regjeringa og Ap om Soria-Moria også, seier Sanden.

- Folk er rysta

Fredag kom altså beskjeden om at Helse Førde ikkje ønskjer å ha lokalsjukehus i Lærdal, og i dag nyhenda om at eit distriktsmedisinsk senter skal vurderast å gå til Sogndal.

Sjukepleiar Helland fortel tilsette på sjukehuset har vore rysta dei siste dagane.

- Vi trur ikkje det er sant det som skjer, seier Helland.

Lovar å ikkje flytte

Styreleiar i Helse Førde, Clara Øberg, avviste i dag at Sogndal er aktuelt som distriktsmedisinsk senter framfor Lærdal innan 2013. Det til trass for høyringsdokuymenta. Helland håpar Øberg held ord.

- Eg håpar ho held det.

- Er du trygg på at Øberg held ord og at det ikkje vert noko flytting til Sogndal?

- Nei, det gjer eg ikkje, seier Helland.