Informasjonen kom ikkje fram då Helse Førde presenterte sin strategi for å spare 150 millionar kroner dei neste to åra.
- LES OGSÅ:
- Eg får skikkeleg bakoversveis. Det går ikkje an å kalle det noko anna enn nedlegging av Lærdal sjukehus når ein skal bygge opp det lokalmedisinske senteret som Helse Førde skal bruke, i Sogndal i 2013, seier Øien Hauge.
- Veldig spesielt
Med helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen i salen, orienterte styret i Helse Førde fredag at dei vil
. I strategidokumentet står det at dei vurderer å legge senteret i Indre Sogn til Sogndal, men det vart ikkje nemnt med eit ord på møtet.- LES OGSÅ:
- Det er veldig spesielt å stå å snakke om omgjering av to lokalsjukehus, medan det i realiteten er nedlegging av Lærdal, meiner Øien Hauge.
- Svarde ikkje
Lokalsjukehusforkjemparen meiner Helse Førde-styret førde folk bak lyset.
- To ordførarar reagerte på at det var ein figur der det stod "Eid" på den eine boksen og "Indre Sogn" på den andre om desse lokalmedisinske sentera. Både Arild Ingar Lægreid frå Årdal og Arne Sanden frå Lærdal meinte ein anten måtte skrive "Nordfjord" og "Indre Sogn" eller "Eid" og "Lærdal". Eg høyrde ingen i Helse Førde som svarde på det, men det hadde vore eit naturleg høve å vere så ærlege å fortelje at det skal ligge i Sogndal, seier ho.
- På lang sikt
Clara Øberg og Jorunn Ringstad presenterer strategiplanen til Helse Førde.
Foto: Per Kristian Grimeland / NRKStyreleiar Clara Øberg i Helse Førde, avviser at dei har planar om å legge senteret til Sogndal innan 2013.
- Det er klinkande klart at det er i Lærdal som er aktuelt å byggje distriktsmedisinsk senter. Det som er meint, er at ein skal vurdere på lang sikt om ein skal legge det til Sogndal. Det kjem an på folketalsutviklinga, seier Øberg.
Sterke protestar
Planane til Helse Førde vart
. Generalsekretær i Senterpartiet, Knut M. Olsen, meiner det er eit der det står at ingen lokalsjukehus skal leggast ned.- LES OGSÅ:
Øien Hauge meiner det er eit endå klarare løftebrot om det lokalmedisinske senteret i tillegg vert flytta til Sogndal.
Vil ikkje la ligge
Sjølv om Øberg er tydeleg på at det er Lærdal som førebels er aktuelt, så vil ikkje Øien Hauge la dette ligge.
- Vi må jo både vende oss til sentrale styresmakter og konfrontere alle regjeringsparti med at dette er eit løftebrot, seier ho.