Hopp til innhold

Ville ikkje meine noko om sjukehusa

Sogn og Fjordane Arbeidarparti ville ikkje meine noko om dei føreslegne kutta ved lokalsjukehusa.

Nils P. Støyva og Oddvar Nilsen

Ordførar i Stryn, Nils P. Støyva, gjekk frå dialogmøte i Helse Førde på fredag, til fylkesårsmøte i Arbeidarpartiet.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Helse Førde gjorde før helga framlegg om å legge ned lokalsjukehusa på Nordfjordeid og i Lærdal . Under Sogn og Fjordane Ap sitt årsmøte i helga, valde dei å ikkje ta stilling til framlegget.

- Eg følte vel på at ein ikkje hadde nok kunnskap og nok bakgrunnsinformasjon. Difor valde fleirtalet i årsmøtet å utsetje denne saka, fortel fylkesleiar Nils P. Støyva.

- Bør ha ei meining

Helse Førde vil i staden for lokalsjukehusa, etablere lokalmedisinske senter utan sengepostar . Fylkespolitikar og tidlegare Helse Førde-styremedlem Harry Mowatt bad laurdag årsmøtet ta stilling til saka.

- Eg sa vel ikkje at dei burde det, men når det er kome så bør ein ha ei meining om retningen. Men eg har full forståing for at årsmøtet meiner noko anna og eg vil lytte på det dei meiner, seier han.

- Vanskeleg sak

I staden vil partiet diskutere sjukehussaka på representantskapsmøtet til våren. Fylkesleiar Støyva vedgår at det er ei problematisk sak.

- Dette er ei vanskeleg sak for alle politiske parti i Sogn og Fjordane. Her trur eg ein kan seie a geografien i stor grad spelar inn på kva standpunkt ein skal ha. Eg har stor forståing for engasjementet frå dei delar av fylket som er nært knytt opp til lokalsjukehus, det skal vi ha respekt for, seier han.

Krf med fråsegn

Trude Brosvik

Fylkesleiar i Krf, Trude Brosvik.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Også fylkesårsmøtet i Kristeleg folkeparti handsama det omstridde framlegget til styret i Helse Førde. Fleirtalet skuldar regjeringspartia for løftebrot dersom dei godkjenner omlegginga til lokalmedisinske senter.

48 utsetndingar røysta for fråsegna, medan 30 ikkje ville ha noko fråsegn.

- Løftebrot

I fråsegna støttar KrF eit sterkt sentralsjukehus, men reagerer på at lokal-medisinske senter som er prøveprosjekt i norsk helsevesen blir lagt inn som base for helsetenesten her i fylket.

- Det speglar det som speglar heile Sogn og Fjordane. Vi har litt ulik oppfatning av kva som er viktig. Vi går for eit godt sentralsjukehus, men at lokalsjukehusa skulle bli så barberte som lokalmedisinske senter og det før samhandlingsreforma er klar, det var ikkje KrF klar for i dag, seier fylkesleiar Trude Brosvik.