Intern strid i Senterpartiet

Klarar ikkje å bli samde om lagnaden til lokalsjukehusa.

Lærdal sjukehus

Lærdal sjukehus kan bli distriktsmedisinsk senter. Men politikarane klarar ikkje å bli samde om dei to lokalsjukehusa kan leggast ned og bli distriktsmedisinske senter.

Foto: unknown / NRK

- Eg registrerer at ministeren antyda nokså tydeleg at det er rom for endringar i Soria Moria 2, og at det som var skissert her kunne ligge innanfor den ramma, seier senterpartiordførar i Førde Nils Gjerland.

Knut M. Olsen

Knut M. Olsen i Senterpartiet meiner forslaget bryt med Soria-Moria 2.

Nils Gjerland

Nils Gjerland i Senterpartiet meiner forslaget ikkje bryt med Soria - Moria 2.

Foto: Arne Stubhaug / NRK
Lærdal sjukehus

Lærdal sjukehus kan bli distriktsmedisinsk senter.

Foto: unknown / NRK
Nordfjord Sjukehus

Nordfjord sjukehus kan bli distriktsmedisinsk senter.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Ulike syn på same sak

Det er intern strid i Senterpartiet om lokalsjukehusa i Lærdal og Eid kan leggjast ned og gjerast om til lokalmedisinske senter.

Medan generalsekretær Knut M. Olsen meiner Helse Førde sitt forslag er klart i strid med Soria Moria 2-fråsegna, er Førde-ordførar og partifelle Nils Gjerland av ei anna oppfatning.

Styret i Helse Førde foreslo fredag å leggje ned lokalsjukehusa i Lærdal og Eid og gjere dei om til lokalmedisinske senter.

- Brot på Soria Moria 2

Dette inneber mellom anna at fødeavdelingane og akuttberedskapen i Lærdal og Eid blir lagt ned og at det ikkje lenger blir sengepostar ved dei to institusjonane.

- Etter mi meining er det forslaget ikkje i tråd med Soria Moria 2. Vi skal ikkje legge ned lokalsjukehus, og vi skal ha nærleik til føde- og akuttilbod, seier Olsen.

Førde-ordførar støttar forslaget

- Nei, det er no tenestene som er det viktigaste. Det er snakk om dagtenester slik eg forstår det. Og ein kan setje det namnet ein vil på det, men det viktigaste er at ein får utført funksjonane, seier Gjerland.