Hopp til innhold

- Bygdeungar må springe meir

Kvar femte 8-åring er overvektig, og faren for å blir tjukk kan vere størst på bygda.

Skram Skole spring for Unicef

FOR LITE SPRINGING: - Foreldra må sørgje for at ungane er nok i bevegelse, seier Ragnhild Hovengen i Folkehelseinstituttet. Illustrasjonsfoto

Foto: Anders Eltvik

- Borna må meir i bevegelse, seier prosjektleiar Ragnhild Hovengen i Folkehelseinstiuttet.

- Bekymringsfullt

Det har aldri vore fleire overvektige ungar her i landet. Ein barnevektsstudie av Folkehelseinstituttet viser at talet på overvektige åtteåringar har auka med tre prosentpoeng på to år, frå 16 prosent i 2008 til 19 prosent i fjor.

- Det er for tidleg å seie om dette er ein trend, men tala forundrar og uroar oss, seier Hovengen.

Meir overvekt på bygda

Helsesøster i Førde kommune, Vibeke Barlund Fraas, ser ein samanhang mellom vekta til borna og det at dei blir køyrde til og frå skule og fritidsaktivitetar.

- Vi ser jo ein skilnad på by og bygd. Det er meir overvekt i usentrale strøk. Grunnen kan vere at ungane der blir køyrde til og frå skulen, seier Barlund Fraas.

- Foreldra må ta ansvar

Også Folkehelseinstituttet trur ei av årsakene til stadig fleire overvektige born kan vere at dei blir køyrde til skulen, fordi dei bur usentralt.

- Både foreldre og styresmakter må ta ansvar. Foreldra må sørgje for at ungane er nok i bevegelse, og styresmaktene må leggje til rette slik at borna til dømes kan sykle eller gå til skulen, seier Ragnhild Hovengen.