Hopp til innhold

3500 born skal hoppe for hjartet i Sogn og Fjordane

3461 elevar ved 63 skular i Sogn og Fjordane skal dei neste to vekene hoppe for eit sunt hjarte.

Hoppetau-konkurranse på Gjelsvik skule i Askvoll

KONKURRANSE: Skuleelevar frå heile landet deltek i hoppetaukonkurransen. Biletet er frå Gjelsvik skule i Askvoll i fjor.

Foto: Randi Indrebø / NRK

1 av 6 norske 8-åringar er overvektige. Ein landsomfattande hoppetaukonkurranse skal inspirere born til å bli meir fysisk aktive.

Det er Nasjonalforeininga for folkehelsa som står bak konkurransen som har namnet «Hopp for hjartet». 137.000 elevar frå barneskular over heile landet er med.

– Borna er tyngre enn nokon gong

Frå 2. mai til 13. mai vil elevane ved 63 skular i fylket delta i konkurransen. Over 60 prosent av alle norske barneskular er med.

Målet med konkurransen er å vise korleis fysisk aktivitet er både morosamt og sunt, og samstundes bidreg til å førebyggje hjarte- og karsjukdommar. Det skriv foreininga i ei pressemelding.

– Forsking synar at born sitter meir stille og er tyngre enn nokon gong. Vi fryktar at dagens unge kan bli den første generasjonen som vil leve kortare enn sine foreldre, seier dr. med. John Kjekshus, leiar i Nasjonalforeininga for folkehelsa.

Kjelkhus er professor i hjartemedisin, og meiner av vi må endre fokus. Han meiner vi må tenkje helsefremjande arbeid med langsiktig perspektig, og ikkje tru at vi kan behandle oss ut av problemer.

Ny rekord

Aldri før ha så mange born vore med i hoppetaukonkurransen. Deltakartalet er vekse kraftig kvart år, frå 40.000 skuleborn i 2005 til 137.000 born i 2011.

Det er elevar frå 4. til 7. klasse som deltek i konkurransen, og den klassen som brukar mest tid på å hoppe tau i friminutta vinn.

NETT-TV: Frå Gjelsvik skule i fjor

Video FOLKEHELSE-190410-SF1840-165749-SIMPEG-4_SF.mp4

NETT-TV: Hoppar tau for betre helse. Frå NRK Vestlandsrevyen i april i fjor.