Hjellum meiner at DAT har pressa fram betre flytilbod og lågare prisar i heile Sogn og Fjordane.
Nøgde med DAT
I går vart det kjent at DAT får konsesjon på å fly mellom Florø, Bergen og Oslo i tre nye år. Og Hjellum seier han er særs godt med at det danske flyselskapet vann anbodsrunden.
- Dei er presise, dei er flinke til å reagere om det skjer noko og dei er høyrer på det lokale behovet, seier han.
- Pressar prisane
Og Hjellum meiner heile Sogn og Fjordane tener på at det er to flyselskap i fylket. Konkurransen gjer at tilbodet og prisane vert betre, meiner hamne- og næringssjefen.
- Eg har jo registrert at Widerøe har komme på bana med tilbod også i frå Førde. Eg er ikkje i tvil om at det har samanheng med auka konkurranse frå DAT, seier han.
- Ein siger
I går sendte Hjellum gratulasjonar til leiinga i DAT. Men han meiner og dette er ein siger for kommunen.
- Eg trur dette er positivt for kommunen og for næringslivet i Flora.