Hopp til innhold

- Bør snakke minst mogleg om Årdal

Årdal har mista statusen som Arbeidarpartiet sitt utstillingsvindauge. Det meiner politisk kommentator i NRK, Trine Eilertsen.

Trine Eilertsen som økonomien i Årdal

BLIR BRUKT MOT AP: Politisk kommentator i NRK trur den tøffe situasjonen i Årdal vil bli brukt mot Ap i valkampen.

Foto: Montasje: Atle Romøren/Tor Erik H. Mathiesen/Scanpix

26 millionar kroner i minus er dei tørre fakta om den økonomiske situasjonen i Arbeidarparti-bastionen. Dei er allereie på den såkalla Robek-lista, den statlege svartelista over kommunar som må spør staten om lov til å ta opp lån.

Og vondt går til verre, no står det så dårleg til at sognekommunen vurderer å privatisere kommunale tenester.

– Dette seier at Årdal ikkje er eit utstillingsvindauge. Tvert om. Det vitnar om at dei løysingane dei har valt rett og slett ikkje fungerer når kommunen må velje løysingar som Ap, både nasjonalt og i andre kommunar, ikkje ønskjer seg, seier Eilertsen.

Må snu kvar einaste stein

Ap-ordførar Arild Ingar Lægreid legg ikkje skjul på at det er tøffe tider i kommunen.

Privatisering av kommunale tenester er ikkje noko han har lyst til, men dei må snu alle steinar for å få hovudet over vatn.

– Dette smakar ikkje godt, og er ikkje noko vi ønskjer. Men vi har ikkje hatt full kontroll på drifta, og vi har brukt meir pengar enn vi har hatt inntekter, sa Lægreid til NRK.no i går.

Rådmann Frank Westad seier det først og fremst er privatisering av spesialomsorga dei ser på, men at også pensjon og tenester som reinhald og vaskeri kan vere aktuelle.

– Administrasjonen må sjå på alle sider for å redusere drifta. Vi ser på alle moglegheiter og ingenting skal stå uprøvd.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Den økonomiske situasjonen i Ap- bastionen Årdal e kritisk. Underskotet på 26 millionar kroner kan ikkje dekkast inn utan smertefulle tiltak. No vurderer kommunen privatisering av fleire tenester.

SJÅ TV-SAKA: Den økonomiske situasjonen i Ap- bastionen Årdal er kritisk. Underskotet på 26 millionar kroner kan ikkje dekkast inn utan smertefulle tiltak. No vurderer kommunen privatisering av fleire tenester.

– Tidspunktet er heilt feil

Det er ikkje for ingenting at Årdal har fått tilnamnet Ap-bastionen. Partiet står uvanleg sterkt i industrikommunen og ved kommunevalet hausten 2011 viste nesten 75 prosent av stemmene at dei er trufaste til Ap.

Men det som har vore sosialdemokratiets utstillingsvindauge slår altså sprekkar. Det er dårleg nytt for Ap fram mot hausten val, meiner Eilertsen.

– Høgre kjem til å bruke sine kommunar og sine ordførarar for alt det er verdt, for å vise fram at dei er gode til å styre, og flinke til å ha kontroll på økonomien.

– Når Ap får ein slik kommune, som viser akkurat det motsette, så må Ap, også nasjonalt, rekne med at det blir brukt mot dei. Så for dei er tidspunktet heilt feil, seier den politiske kommentatoren.

– Bør snakke minst mogleg om Årdal

Ho meiner ein ikkje kan skulde elendet i Årdal på regjeringa, sjølv om det er Ap som har sete med handa på rattet i regjeringa i åtte år.

– Underskotet som Årdal har er oppsiktsvekkjande. Det vitnar om at det har vore vanstyre i fleire år, og det er vanskeleg å peike på regjeringa når kommunen har slike tal å vise til.

– Det er mange Ap-kommunar i Norge som blir styrte heilt utmerkt, som greier halde budsjetta og ikkje minst greier prioritere. Det ser det ikkje ut til at Årdal greier, og det er Årdal sitt problem.

– Kan Årdal sjå langt etter å bli brukt som utstillingsvindauge for Ap sentralt?

– Eg trur Ap sentralt skal snakke minst mogleg om Årdal om dei skal gjere ein god valkamp på Vestlandet.

– Dei bør heller snakke med Årdal om korleis andre kommunar har greidd løyse slike problem og gi dei nokre gode råd.