Hopp til innhold

Årdal slit med økonomien - vurderer å privatisere tenester

Arbeidarpartibastionen Årdal vurderer no å privatisere kommunale tenester.

Arild Ingar Lægreid og Frank Westad

VANSKELEG JOBB: Arild Ingar Lægreid og Frank Westad må snu alle steinar for å få økonomien på rett kjøl igjen.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Årsaka er at dei slit tungt med økonomien. Industrikommunen har hamna på den såkalla Robeklista, det vil seie den statlege svartelista over kommunar som må spørje staten om lov for å ta opp lån. Dei siste åra har det samla seg opp eit underskot på 26 millionar kroner i kommunen.

Arbeidarpartiordførar Arild Ingar Lægreid vedgår at privatisering ikkje er noko god sak.

– Dette smakar ikkje godt og er ikkje noko vi ønskjer. Men vi har ikkje hatt full kontroll på drifta. Vi har brukt meir pengar enn vi har hatt inntekter, seier ordføraren.

(Artikkelen held fram under videoen)

Den økonomiske situasjonen i Ap- bastionen Årdal e kritisk. Underskotet på 26 millionar kroner kan ikkje dekkast inn utan smertefulle tiltak. No vurderer kommunen privatisering av fleire tenester.

SJÅ TV-SAKA: Den økonomiske situasjonen i Ap- bastionen Årdal er kritisk. Underskotet på 26 millionar kroner kan ikkje dekkast inn utan smertefulle tiltak. No vurderer kommunen privatisering av fleire tenester.

– Ingenting skal vere uprøvd

Rådmann Frank Westad seier dei må snu utviklinga og har tru på at dei skal lukkast med det.

– Konkurranseutsetjing er eit av tiltaka vi vurderer. Vi er nøydde å sjå på alle moglegheiter for å redusere driftsnivået. Vi skal forvalte godene til fellesskapet på ein så god måte som mogleg. Då kan det ikkje vere eit einaste tiltak som ikkje er vurdert, seier han.

Det er først og fremst spesialomsorga dei ser på, men også pensjon og tenester som reinhald og vaskeri.

– Dette er ein jobb vi må gjennom. Tener vi ikkje noko på ei omlegging, er det ikkje noko poeng i å gjere det. Det er viktig at innbyggjarane får gode tenester, men endå viktigare er det at vi har ei berekraftig økonomisk styring. Har vi ikkje det, vil det gå utover alle i kommunen.

Rådmannen seier dei jobbar knallhardt med å få løyst opp floka dei har hamna i.

– Administrasjonen må sjå på alle sider for å redusere drifta. Vi ser på alle moglegheiter og ingenting skal stå uprøvd.

– Dette er ikkje noko god sak

Ordførar Arild Ingar Lægreid (Ap) seier dei har ei liste med punkt dei må jobbe med utover hausten

– Eit av punkta er det vi kallar spesialomsorg og der vi får fleire og fleire tiltak. Det er vanskeleg å handtere både økonomisk og driftsmessig.

– Kva tenkjer du om privatisering i Årdal som er Ap-kommunen framfor nokon?

– Det er slett ikkje nokon god sak. Vi har jobba i eit års tid med eit prosjekt der vi sjekkar ut om vi kan greie dette med spesialomsorg med eigne ressursar. I tillegg ville vi levere tenester til nabokommunane også. Men slik der ser ut i dag, er vi ikkje på rett veg for å få det til.

Når det gjeld privatisering av til dømes reinhald og kjøkkentenester, seier ordføraren at det er heilt uaktuelt

– Det kjem vi i Årdal Arbeidarparti til å vere veldig klare på. Men vi skal til dømes sjå på heile eigedomsmassen vår og sjå om vi kan lage eit kommunalt tiltak.