Hopp til innhold

- Biletbevisa er falske

Ein pelsdyrfarmar i Gudbrandsdalen meiner dei sjuke dyra som var fotograferte på hans gard var plasserte der.

Skadd rev i Gloppen

Dette biletet skal vere teke på ein revegard i Gloppen.

Foto: Nettverk for dyrs frihet

Han var ein av pelsdyrfarmarane som vart melde til politiet for å ha vanskjøtta dyra sine.

Høyrde ikkje til på garden

No skriv dagbladet.no at dei to dyra som var fotograferte på denne revegarden truleg var plasserte der. Eigaren tok blodprøve av dei etter å ha avliva dei, og det viste seg at dei to dyra ikkje hadde same far som dei andre dyra på garden. I tillegg vart to friske revar funne utanfor bura. DNA-prøver viser at desse høyrer til på garden.

Fem gardar i Sogn og Fjordane

Det var organisasjonen Nettverk for dyrs frihet som stod melde ei rekkje pelsdyrfarmar, mellom dei fem i Sogn og Fjordane . Det var folk frå denne organisasjonen som tok seg inn på gardane og tok bilete.

Rune Ellefsen i organisasjonen avviser at dei har plassert sjuke og skadde dyr på revefarmane.

– Det ville ha vore heilt stikk i strid med det vi jobbar for. Det høyrest mildt sagt ut som ei røvarhistorie frå revefarmaren si side.

Kommunikasjonssjef Arild Martinsen i Norges Pelsdyralslag meiner heile pelsdyrnæringa er førehandsdømd på feilaktig grunnlag etter at bileta frå dyrevernaktivistane er lagde fram.

Sterke krefter tok til orde for å leggje ned heile pelsdyrnæringa .