Det er organisasjonen Nettverk for dyrs frihet som har meldt farmane til politiet for det dei meiner er grov mishandling av rev og mink.
– Forferdelege forhold
I sommar har medlemmer i organisasjonen teke seg inn på gardar over heile landet og filma det dei meiner er dyremishandling.
– På alle dei fem gardane dyrevernarane var på i Sogn og Fjordane var det forferdelege forhold, seier Tone Andal i Nettverk for dyrs frihet.
I alt 45 pelsdyrfarmar
I alt er 45 pelsdyrfarmar i Norge melde til politiet av organisasjonen, som seier dei fann skadde dyr med til dels alvorlege ubehandla skadar på alle farmane dei var innom. Medlemmene i Nettverk for dyrs frihet har teke 7000 foto for å dokumentere påstandane sine.