Hopp til innhold

Vil leggje ned pelsdyrnæringa

Veterinærforeininga går inn for å leggje ned heile pelsdyrnæringa i Norge. Men oppdrettarane meiner at utspelet kjem for fort

Skadd rev i Gloppen
Foto: Nettverk for dyrs frihet

Årsaka til at Veterinærforeininga vil leggje ned næringa er at han i dag er basert på hald av aktive rovdyr i små nettingbur, skriv Veterinærforeininga i ei pressemelding.

- Driftsforma betyr at dyra ikkje får tilfredsstilt naturlege åtferdsbehov. Trass i gode intensjonar i næringa, syner det seg at det framleis er store problem med tanke på dyrevelferd, melder foreininga.

Veterinærforeininga har også tidlegare uttrykt skepsis til pelsdyrhald.

Dokumenterte mishandling

For berre nokre månader sidan friskmeldte styresmaktene pelsdyrnæringa. Men organisasjonen Nettverk for dyrs frihet har teke seg inn på gardar over heile landet, og meiner å kunne dokumentere grov mishandling av dyra. Fem pelsdyrfarmar i Sogn og Fjordane er melde til politiet.

Sjå også Får ikkje legge vekk pelsdyrsaker .

Skuffa næring

Men næringa reagerer med skuffelse på forslaget. Dei siste 30 åra har leiar for Fjordane pelsdyrnæring Vidar Heggheim drive med oppdrett. Han vil jobbe mot eit forbod.

– Det er mange som har brukt masse pengar for å setje gardane sine i stand, og sit med stor gjeld etter å ha bygd opp flotte anlegg etter dei nye forskriftene. Og så vert det berre forbode. Det vil sjølvsagt ha store konsekvensar for enkeltpersonar, seier Heggheim.

Veterinærene gir opp kampen

President Marie Moland i Den Norske Veterinærforening seier at dyra ikkje får tilfredstilt sine naturlege åtferdsbehov.

- Det som er nytt frå vårt ståstad, er at vi gir opp kampen om å skape ei driftsform og eit regelverk som er akseptabelt for dyra.

Burde venta på Mattilsynet

Heggheim meiner Veterinærforeininga burde venta på Mattilsynet sine konklusjonar.

- Det er veldig fort å late seg rive med av nokre bilete som kjem i fjernsynet. Dei bileta kan vere forskjellig. Eg syns kanskje at det var naturleg at Mattilsynet, som er kontrollinstans kunne gått rundt og undersøkt forholda.