Hopp til innhold

Tek stikkprøvar av pelsdyr - men det skjer ikkje med andre dyr

Ivar Molde i Lærdal driv med både rev, sau og storfe, men møter heilt ulike krav til dyrestellet. Han skjønar ikkje kvifor.

Ivar Molde

BRIMFISAR: Pelsdyrbonde Ivar Molde i Lærdal meiner landsmøtet i AP vart styrt av 'brimfisar', AUF-politikarane.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

- Det burde vore same oppfølgjing i den andre husdyrproduksjonen som med pelsdyr, meiner han.

Sjeldan kontroll

På garden har Ivar Molde 180 avlstisper i bur. Om nokre veker, når kvelpinga er over, tel dei tusen dyr.

I tillegg har Molde 100 vinterfora sauer, og 50 storfe. For både sau og storfe gjeld heilt andre krav og hyppigare kontrollar.

- Det blir kontrollert når eg ringjer etter dyrlege dersom eg har eit dyr som er sjukt. Om ikkje, så har eg ikkje veterinær i fjøset, fortel han. Pelsdyra får automatisk tilsyn frå veterinær om det er sjukdom eller ikkje.

(Artikkelen held fram under bilete)

Pelsdyrgard i Lærdal.

REINT: Revegarden er nærast reinare enn

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

- Skremmande

Sjølv om pelsdyrnæringa er mellom dei mest kontrollerte i landbruket, er det likevel denne næringa mange vil til livs.

- Påfallande og heilt uforståeleg, meiner oppdrettar Ivar Molde i Lærdal.

På landsmøtet sist helg vedtok Arbeidarpartiet å avvikle pelsdyrnæringa. Det slo ned som ei bombe i næringa . Også for lærdølen. Molde og kona har dei siste åra oppgradert refevarmen for 1,8 millionar kroner for å stette nye krav.

Han tykkjer det er skremmande at resten av jordbruket ikkje har same krav.

Mange kontrollar

- Eg har endå ikkje høyrt ein pelsdyrbesetning som har vore ihelsvolten. Vi blir kontrollert nesten ein gong i veka, gjennom forleverandørar. Dei køyrer nesten inn i garden og vil merke den minste ting dersom for ikkje blir brukt fôr, legg Molde til.

Ivar Molde

UFORSTÅANDE: Ivar Molde (t.v.) skjønar ikkje kvifor Ap vil avvikle den sterkt kontrollerte pelsdyrnæringa.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Sjåfør Erland Kvissel er ein av dei Molde har ofte på besøk. Han køyrer fast rute i Valdres, Hallingdal og Sogn med revefôr.

- Dei er dyktige oppdrettarar alle saman. Det er skikkeleg opplegg alle stader, meiner han.

Var på behandling

Molde fortel om kontrollar kvar tredje månad. Veterinæren kjem på vitjing ein gong i kvartalet, medan Mattilsynet kjem på uanmeldte besøk to gonger i året.

Rev i bur

HAR DET GODT: Ivar Molde meiner pelsdyra har det godt på revefarmane i Norge.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Då Dagsrevyen i fjor haust viste grufulle bilete som dyrevernarar hadde tatt av skadde dyr i bur, var to av dei frå Molde sin gard.

- Eg hadde ubedne gjester i august. Dei fann ingenting, men hevda dei fann det. Dei to dyra som hadde feil hos meg, var sett på veterinærbehandling tre veker før, hevdar han og har lite sans for at pelsdyrnæringa no kan gå mot slutten.

Styrt av «brimfisar»

- Kvifor går alle andre dyr i bur? I dyrehagar? Kjeledyr? Eg trur dei har det mykje verre i mange heimar rundt omkring i Norges land, legg han til.

Pelsdyrbonden frå Lærdal har lite fint å seie om dei unge AUF-arane som fekk med seg landsmøtet i Ap på vedtaket.

- Politikarane let seg styre av nokre små «brimfisar», vil eg kalle dei, seier han og meinr at det ikkje er folk i bransjen som ikkje burde vore der.

- Nei, eg vil seie at det er kremen av pelsdyroppdrettarar som er att i Norge i dag.