Årdal reagerer på at ei lovleg næring no vert framstilt som kriminell i media, og meiner det er svært uheldig at born av oppdrettarane må betale prisen.
- Ungane har sett bilete av skadde pelsdyr på tv og internett, og så mobbar dei borna til oppdrettarane ved å kalle foreldre dyremishandlarar, fortel Årdal til NRK.no.
Debatten har blussa opp att
Arbeidarpartiet gjekk på sitt landsmøte i helga inn for å leggje ned heile pelsdyrnæringa.
Etter vedtaket har igjen bileta av skadde dyr og groteske forhold rulla over tv-skjermar og nettaviser.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under videoen)
SKADDE DYR: Skjulte opptak frå norske pelsdyrfarmar viser sjuke og skadde pelsdyr. (STERKE BILETE).
- Det går utover borna
Pelsoppdrettar Finn Årdal i Jølster er blant mange som framleis driv lovleg oppdrett.
Men debatten om den omstridde næringa har no blussa opp att og Årdal synest det er ille når enkelte let reaksjonane gå utover oppdrettarane sine born.
- Det er veldig fortvilande, seier Årdal som meiner media og dyrevernorganisasjonar har skulda.
- Pelsoppdrettarane steller dyra etter alle kunstens reglar kvar einaste dag, heile året. Og så skal ungane oppleve at foreldra vert skulda for å vere dyremishandlarar, det er ikkje rett, seier Årdal.
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
NEI TIL MOBBING: Siri Martinsen i dyrevernorganisasjonen NOAH seier mobbing av borna til pelsdyroppdrettarane ikkje skal skje.
Foto: Roald, Berit / SCANPIX- Ingen skal verte mobba
Dyrevernorganisasjonen NOAH er blant dei som publiserer bilete frå pelsdyrnæringa. Leiar i organisasjonen, Siri Martinsen meiner dei har sitt på det reine når dei publiserer bilete av skadde dyr.
- Dyrevernorganisasjonane legg med dette fram sakleg argumentasjon og dokumentasjon. Dette må ein kunne gjere i eit demokratisk samfunn, seier Martinsen.
Samtidig synest ho det er langt frå akseptabelt av born av oppdrettarar skal oppleve å verte mobba på skulen.
- Ein må klare å ha to tankar i hovudet samtidig. Sjølvsagt skal ingen verte mobba for dette, det er ingen måte å føre debatten på, seier Martinsen til NRK.no.
- LES OGSÅ:
- Familien kjem først
Sjølv har Årdal og familien ikkje vore utsette for hets til no. Men dersom oppdrettaren i Jølster må velje, er han klar på at ingenting er viktigare enn borna.
- Det eg driv med skal ikkje bli noko ulempe for familien min. Dersom det går utover dei, sluttar eg som pelsoppdrettar, seier Årdal.
- LES OGSÅ: