Næringa rasar og kallar vedtaket uansvarleg. Johansen seier dette no er avgjort av det høgste organet i partiet, og at ein no må sørge for ei god omstilling for dei som i dag driv med pelsdyr.
– Det er forståeleg at pelsdyrnæringa reagerer på dette. Denne saka har vi diskutert på fleire landsmøte i Arbeidarpartiet. Førre gong blei forslaget om avvikling nedstemt med knappast mogleg margin. No blei det vedteke, av eit fleirtal, at vi skulle gå inn for styrt avvikling, seier Johansen.
- LES OGSÅ:
Sjokkert næring
ØNSKJER IKJJE DYR I BUR: Arbeidarpartiet vil hjelpe pelsdyroppdrettarane med omstilling.
Foto: ”Nettverk for dyrs frihet”Under landsmøtet i helga røysta 170 av 295 delegatar for avvikling. Næringa sjølv er sjokkerte over det dei meiner er uansvarleg politikk. Næringa er blitt møtt med strengare forskrifter som kjem i kraft frå 1. mai i år.
Olav Haugen som er leiar i i Fjordane pelsdyrlag, meiner det difor blir meiningslaust å ikkje gi næringa ein sjanse.
– Dei sjølv har vedteke den forskrifta, og så skal dei få dagar etterpå slå heile næringsgrunnlaget vekk frå oss. Kva skal vi gjere for å få tilfredsstilt dei, spør han.
– Dårleg behandling av dyr
Raymond Johansen seier vedtaket er viljen til fleirtalet i Arbeidarpartiet.
– Det er deira forslag mot det dei opplever som dårleg behandling av dyr. Difor har fleirtalet i Arbeidarpartiet gått inn for at næringa blir avvikla. Men vi er samstundes opptekne av at det skal vere ei god omstilling for dei som jobbar i næringa.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: