Hopp til innhold

Staten greier ut eit nytt avfallsdeponi

I Telemark har det vore stor motstand mot å plassere eit deponi for giftig avfall i gruvene til Norcem i Brevik. Porsgrunn bystyre sa nei til utgreiing. No ber departementet Miljødirektoratet greie ut dei meste aktuelle alternativa, og det hastar.

Langøya med afallsdeponi

Langøya utanfor Holmestrand med avfallsdeponi.

Stasråd Tine Sundtoft viser til at det har vore vanskeleg å få lokale vedtak for å etablere deponi. På den bakgrunnen ber no statsråden Miljødirektoratet om å greie ut ulike alternativ når det gjeld eit nytt nasjonalt anlegg for mottak av farleg avfall.

Direktoratet har fått frist til 1. mai neste år med å levere ei utgreiinga til departementet.

Det hastar

I løpet av få år må ei avgjerd vera tatt når det gjeld kvar eit framtidig deponi skal ligge. Langøya utanfor Holmestrand er i ferd med å fyllast opp. Slik det no ser ut, reknar Miljødirektoratet at Langøya er fullt i 2026.

Brevik framleis aktuell

Det at ein no skal greie ut fleire ulike alternativ, tyder ikkje at Brevik er ute av diskusjonen.

No skal utgreiinga gje svar på kor store mengder farleg avfall det er snakk om, og kva slags krav ein må stille til eit framtidig deponi.

Industrien pliktar å finne ei løysing på avfallshandteringa frå eigne anlegg, men styresmaktene må legge til rette slik at det er mogleg å bli kvitt avfallet. Viss ikkje, må avfallet eksporterast. Det er inga god løysing på sikt.

Nasjonal løysing

Klima- og miljøverndepartementet ber også direktoratet vurdere om dei ulike alternativa gjev ei nasjonal løysing på eit globalt problem, ei varig løysing som gjer at Noreg som nasjon ikkje berre eksporterer problema sine til andre.

Statssekretær i Miljøverndepartementet; Lars Andreas Lunde

Statssekretær Lars Andreas Lunde trur dei skal finne ei løysing i løpet av 2016.

Foto: BJORN H STUEDAL / www.stuedal.no

– Me håpar å finne ei løysing på kvar det nye avfallsdeponiet skal vera i løpet av neste år, seier statssekretær Lars Andreas Lunde.

Det tek fleire år å klargjere eit deponi, derfor er det viktig å ta avgjer så snart det let seg gjere.

– I utgangspunktet ynskjer departementet ei løysing som også får oppslutning lokalt, men uansett må me finne fram til ei løysing, legg statssekretæren til.

Ikkje avgjort før valet

Dette har vore ei svært betent og vanskeleg sak for mange av dei politiske partia blant anna i Grenlandsområdet i Telemark. Når departementet vel denne løysinga, betyr det at det ikkje kjem ei avgjer før kommunevalet til hausten.

Plassering av avfallsdeponi blir dermed truleg ikkje ei heit valkampsak til hausten.

Langøya utanfor Holmestrand

Avfallsdeponiet på Langøya er snart fylt opp.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark