Hopp til innhold

Ny studie: Maske mykje tryggare enn munnbind

Fagpersonar krev no eit påbod om bruk av slike masker i Noreg.

Maske og munnbind

MASKE OG MUNNBIND: Smittevernprofessor ved Universitetet i Sør-Aust Noreg Jørn Klein viser skilnaden på maske og munnbind. På bilete til venstre har han på ei maske av typen FFP2. På bilete til høgre har han på eit kirurgisk munnbind.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Under pandemien har folk blitt godt kjend med det kirurgiske munnbindet. I tillegg finst det ulike masker for å verne seg mot koronasmitte.

Ein av dei vanlegaste typane er ei filtrerande maske, som har fått namnet FFP2.

Ein ny studie frå Tyskland viser at ei slik maske gjev 75 gonger betre vern mot smitte, samanlikna med eit kirurgisk munnbind.

Tryggare

– Me må senke smittepresset fram til fleire er vaksinert, og da fungerer desse maskene godt, seier smittevernprofessor Jørn Klein.

Professoren ved Universitetet i Sør-Aust Noreg seier kirurgiske munnbind gjev betre vern mot smitte enn ingenting. Men han peiker på at masker er tryggare, viss ein brukar det riktig.

Klein meiner masker bør bli påbode i Noreg.

– Kirurgiske munnbind funkar best mot dropesmitte. Difor er dei mindre effektive mot koronaviruset, som smittar via luft.

Videoen under viser skilnaden på kor mykje luft som slepp ut av ei FFP2-maske, samanlikna med eit kirurgisk munnbind.

I bilete til venstre brukar reporteren maske. I bilete til høgre brukar han munnbind:

Illustrasjonen er laga etter inspirasjon frå den tyske studien.

Vil ikkje endre råd

Overlege Mads Gilbert meiner også at det er på høg tid å innføre påbod om bruk av effektive masker i Noreg. Fordi masker vernar mot luftsmitte.

– Den viktigaste smittevegen for koronaviruset er luftsmitte. Kirurgiske munnbind hindrar ikkje luftsmitte, seier Gilbert. Han er også er professor ved Universitetssjukehuset Nord-Noreg.

Slovakia og Austerrike og Tyskland har innført påbod om bruk av FFP2-maske. Ein svensk overlege tek til orde for at Sverige også bør innføre påbod.

Folkehelseinstituttet har fått med seg studien i Tyskland. Dei vil førebels ikkje legge for mykje vekt på den når dei kjem med sine råd til styresmaktene.

– Dette er ein enkelt studie. Me gjer ei totalvurdering når me kjem med råd. Akkurat no meiner me det er riktig å bruke dei vanlege munnbinda, seier avdelingsdirektør Line Vold i FHI.

Avdelingsdirektør Line Vold FHI

Line Vold er avdelingsdirektør i Folkehelseinstituttet.

Foto: Torstein Bøe

– Må bruke meir effektive masker

Klein seier studien frå Tyskland er gjort av forskarar i ypparste klasse. Han forstår ikkje motstanden frå FHI.

– Eg skjønnar at det kan vere slitsamt å gå med slike masker, men det er ikkje helseskadeleg på lik linje med alvorleg koronasjukdom, seier Klein.

Gilbert trur folk ville vore opne for å bruke meir verksame masker når den tyske studien er så tydeleg.

– Viss me først skal dekke til ansiktet, så må me bruke meir effektive masker, som faktisk stoppar luftsmitte, seier Gilbert.

Mads Gilbert

Mads Gilbert er overlege og professor ved Universitetssjukehuset i Nord-Noreg

Foto: Hans Ludvig Andreassen / NRK

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark