Hopp til innhold

Vêromslag: – Fjernar den verste tyngda før regnet kjem

Snø blir til regn, både vanleg og underkjølt, når vêret endrar seg drastisk på Sør- og Austlandet til helga. I Noregs største campingkommune mokar dei tak.

Lydhusstranda camping i Stavern.

MOKAR TAK: William Torgersen skyflar snø av eit campingvogntak på Lydhusstranda camping i Vestfold.

Foto: Tom Ole Buaas / NRK

Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel om is frå og med søndag.

Mildvær

– I store delar av Sør-Noreg kan snøskuffa erstattast med broddar mot slutten av helga og inn i neste veke, skriv Meteorologene på X/Twitter.

Foto: Meteorologisk institutt

– Første halvdel av helga blir kald, men på søndag slår vêromslaget til for fullt. Det kjem nedbør, først i form av snø, men som endar opp som regn. I alle fall i kystnære område, seier meteorolog Håkon Mjelstad.

Då kan det bli veldig glatt.

– Underkjølt regn kan bikke begge vegar, men det kjem til å fryse på alt det treffer.

Regn på snø- og islagde vegar er ein svært dårleg kombinasjon.

Les også Meteoro­logane med nytt fare­varsel

Busser står fast på Kråkenes på Bønes

Mokar tak på campingvogner

Ein annan dårleg kombinasjon er mykje tung snø på taket. Mange må moka hus- og hyttetak før regnet kjem.

Men også på campingplassane står store verdiar i fare.

Snikkar Frode Glott nyttar ein litt roleg periode til å ta oppdrag med snømoking. Denne veka er han på Lydhusstranda camping i Stavern.

– Vi mokar hytter og campingvogner, slik at ein fjernar den verste tyngda før regnet kjem. Det er jo avgrensa kva det toler, meiner Glott, som sjølv har campingvogn på Lydhusstranda.

Lydhusstranda camping i Stavern. Snekker Frode Glott med kompanjonger.

Frode Glott er aldri langt frå mobilen, for det er mange som vil ha taket sitt moka i desse dagar. Til høgre er William Rønningen, bakarst Christoffer Torgersen.

Foto: Tom Ole Buaas / NRK

Responsen har ikkje late vente på seg. Mange lurar på korleis det står til med vogna deira.

– Då sjekkar me og seier frå om dei kan ta det med ro, eller om det må mokast.

Larvik er Noregs største campingkommune, med rundt 27 campingplassar.

– Me rekk kanskje 5–6 vogner om dagen, og det er ganske mange tusen her nede, så her er det ein marknad, seier snikkaren.

Lydhusstranda camping i Stavern.

William Rønningen på endå eit campingvogntak for å rydde snø.

Foto: Tom Ole Buaas / NRK

Gruer seg til regnet

På Solplassen camping i Stavern har dei brøyta og lagt til rette for at folk kan komma og sjekke vognene sine.

Fleire har hyra firma for å fjerne snø frå taka på vognene.

– Det er kjempebra, spesielt for dei som bur langt unna at nokon kan ta den jobben, seier eigar og drivar Adnan Krueziu.

Sjølv om han meiner dei fleste vognene er godt rusta for å tola vêret, understrekar drivaren at det i verste fall kan oppstå både vasskadar og skadar på fortelt.

Solplassen camping i Stavern.

Kva har de gjort no etter det store snøvêret, spurde me eigaren av Solplassen camping. – Kva me har gjort? Brøyta!

Foto: Tom Ole Buaas / NRK

Sjølv har dei ein del flate tak på utleigehytter og på restauranten.

– Me har brøyta taka våre, og fjerna snø frå balkongar.

Han liker ikkje at det no skal komma regn.

– Det kjem til å bli veldig mykje vatn som kjem til å renne ned mot plassen her, så me må berre sjå an korleis det blir.

Les også Hytteeiere advares mot å hyre private snøryddere – ulykker kan koste deg dyrt

Aleksander Kristoffersen skuffer snø. Bak står Kenneth Jørgensen.