Hopp til innhold

Meteoro­logane med nytt fare­varsel

Snøflaka frå ein til dels kaotisk tysdag er knapt rydda vekk, før meteorologane melder om meir snø på veg mot Vestlandet.

Busser står fast på Kråkenes på Bønes

TRØBBEL: Det vart trøbbel for fleire busslinjer i bergensområdet under snøfallet tysdag. Torsdag kjem det meir snø.

Foto: Therese Pisani / NRK

Varselet gjeld langs heile kysten, frå Møre og Romsdal til og med Rogaland.

– Det er store variasjonar i mengde, seier statsmeteorologen.

Nord for Sognefjorden er det venta opp mot 25 centimeter på 24 timar. Sør for landets lengste og djupaste fjord kan det enkelte stader kome opp mot 35 centimeter.

Råka reisande

Det var «berre» gult farevarsel tysdag også, men snøfallet fekk følgjer både i Bergen og kringliggande kommunar.

Over 30 busslinjer fekk problem og flytrafikken til og frå vestlandsbyane Bergen og Stavanger vart råka. Helikoptertrafikken mellom fastlandet og Nordsjøen vart innstilt.

Torsdag kan det vere «på'an igjen».

– Det kjem eit nytt lågtrykk nordfrå inn mot Vestlandet. Då blir det byer igjen, slik som «sist runde». Lokalt kan det komme ein god del snø, seier statsmeteorolog Stine Sagen.

Gult farevarsel for snø

Det er sendt ut gult farevarsel om mykje snø.

Foto: Meteorologisk institutt

– Vurder heimekontor

Kollektivselskapet Skyss førebur seg på ein ny, utfordrande dag i morgon.

Vi tilrår alle å rekne seg god tid, og å følgje med på både vegmeldingar og på informasjonen på våre nettsider eller i reiseappen. Morgondagen er nok også ein dag der dei som har høve til å nytte seg av heimekontor, bør vurdere dette, seier pressekontakt Øyvind Strømmen i Skyss til NRK.

Også Avinor på Flesland førebur seg på meir snø.

– Vi er godt bemanna og førebudde, men så er det ikkje alt ein kan førebu seg på heller, seier kommunikasjonssjef Cathrine Framholt ved Bergen lufthavn.

Tysdag snødde det så tett at dei i periodar hadde problem med å halde rullebana open. Då gjekk alle dei ni brøytebilane deira i eit brøytetog.

Snøen skaper problemer på Flesland. Brøytemannskap jobber på spreng for å få snøen bort fra rullebanen.

Snøen skapte problem på Flesland tysdag. Då var alle brøytebilane deira i full sving. Torsdag har dei lik bemanning.

Til dei som skal på reise tilrår Framholt å følgja med på informasjonen frå flyselskapa.

– Og med tanke på glatte vegar og utfordringar med Bybanen, så kan det vere lurt å rekne litt ekstra god tid viss du skal ut og fly i morgon.

Vinden tek seg opp

Det blir nok ikkje like ille som dei kaotiske tilstandane ein siste døgnet har sett på Sør- og Austlandet. Her har også varselet ein annan farge – oransje.

Torsdag kan ein vente seg mest snø sør for Sognefjorden.

Sagen ber folk følgje med på prognosane, for snøvarselet kan endre seg.

Frå torsdag kveld er det også venta nordvest kuling og snøfokk i kystnære strok.

Vinden kan også føre til redusert sikt og moglegheiter for kolonnekøyring og/eller stengde fjellovergangar.

– Det blir mykje vind i løpet av dagen, men mest mot kvelden og natta. Det kan gi snøfokk.