Hopp til innhold

Åtvarar mot uvettig køyring på elmoped

Folk i Siljan er bekymra for uvettig køyring med elmoped blant unge. No fryktar dei at det skal skje ei ulykke.

Rolf Øverbø

Rolf Øverbø åtvarar mor uvettig køyring med elsykkel i Siljan. Mange fryktar det skal skje ei ulykke.

Foto: Anne Cathrine Syvertsen / NRK

Uvettig køyring med elmoped blant ungdom er eit tema mange i Siljan er opptatt av. Folk er bekymra fordi unge køyrer fleire på ein moped, utan hjelm og utan lys i mørket. Fleire fryktar at det skal skje ei ulykke.

Rolf Øverbø på YX-stasjonen i Siljan og Kirsten Sikane snakkar om det mange i Siljan er opptatt av. Øverbø er bekymra for at det skal skje ulykker med ungdom på elmoped.

Rolf Øverbø

Ungdom på elsykkel køyrer utan lys i mørket og er fleire på sykkelen.

Foto: Anne Cathrine Syvertsen / NRK

– Dei kjem utan lys på mopeden om kvelden når det er mørkt. Det har skremt meg fleire kveldar når dei kom i alle retningar, i motsett køyrebane, innimellom bilar og rundt bilar. Dei køyrer på fortauet og over alt, der du ikkje ventar at det skal kome nokon utan lys, seier Øverbø.

– Det bekymrar meg. Ikkje har dei hjelm og det er to på mopeden. Eg synest det er farleg. Det trengst køyreopplæring i mange timar for å få lov til å køyre moped, og du må køyre opp med ein køyrelærar. Dei bør ta sertifikat før dei kan køyre elmoped, seier Sikane.

Skaper mange farlege situasjonar

Kirsten Sikane har også opplevd å møte elmopedar på gangvegane.

– Det er ikkje særleg hyggeleg. Med full fart, så skaper det mange farlege situasjonar. Dei kan ikkje nok om trafikken til å køyre med elmopedar. Og når det samlar seg mange i gjengar blir det farlege situasjonar.

Ved Siljan ungdomsskole er rektor Jørn Tollefsen oppmerksam på ulovleg køyring med elmoped.

– Det er i første rekkje transport av kameratar og venninner som vi har sett ganske mykje av tidlegare. Det har vi tatt opp og sagt at det får dei ikkje lov til, for vi har ansvaret for skolevegen til og frå skolen. Og vi er særleg merksame på at det ikkje er lov å ha passasjerar som er over 12 år på moped generelt, og det gjeld også for elmoped, seier Tollefsen.

Får åtvaring på skolen

Den første gongen skolen ser at slikt skjer så får eleven ei åtvaring. Men skjer det ein gong til blir foreldra kontakta.

– Vi kan ikkje handheve nokon reglar, men sidan reglane er der får foreldra passe på, seier Tollefsen.

Rolf Øverbø på bensinstasjonen var så bekymra for at det skulle skje ei ulykke at han la ut ei åtvaring til foreldre på sosiale medium.

– Eg tenkte i første rekkje på å vekke nokon foreldre. Men det tok av, så det er ikkje berre eg som er oppteken av det, seier Tollefsen.