Hopp til innhold

Uvanleg mange bilbrannar i 2016

Talet på bilbrannar i Noreg har ikkje vore høgare på seks år. Ifølgje forsikringsbransjen er det dei nye bilane som oftast tek fyr.

Bilbrann E18

BILBRANN: Talet på bilbrannar har vore uvanleg høgt i år.

Foto: Vestfold Interkommunale Brannvesen

– Me er faktisk forbløffa over det høge talet på bilbrannar, og me veit heller ikkje årsaka for desse tendensane, seier informasjonsdirektør i IF skadeforsikring, Jon Berge.

Tal frå direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap syner at brannvesenet har rykka ut til nesten 800 bilbrannar i år. Det er meir enn to bilbrannar kvar dag.

Talet på bilbrannar har ikkje vore høgare sidan 2010. Da stod totalt 874 bilar i fyr.

Informasjonsdirektør Jon Berge

FORBLØFFA: Informasjonsdirektør i IF skadeforsikring, Jon Berge, erfarar at det ofte er nyare bilar som tek fyr.

Foto: If Skadeforsikring

Sidan teknologien heile tida vert betre, skulle ein jo tru at bilane vart sikrare med tida. Men det ser faktisk ut som om det går andre vegen sidan ganske mange nye bilar brenn, seier Berge.

Han har sjølv ein nyare bil som no står på verkstad med svidde kontaktar i leidningsnettet. Noko som er vanskeleg å oppdage før det er for seint.

– Det vart rett og slett oppdaga heilt tilfeldig fordi elektronikken slutta å fungere i bilen, seier Berge.

Har betalt ut over 150 millionar

Det kan vere fleire årsaker til at det oppstår brann i bil. Fuktig klima og vegsalt kan auke fara for kortslutning. Dårleg reinhald av motor, feilmontert utstyr og produksjonsfeil på bilen er også andre moglege årsaker.

Dette er er ting som det er veldig vanskeleg å oppdage, og eg vert ikkje overasska om det er fleire tilfelle av bilbrann, enn det desse tala syner, seier Berge.

Tal frå Finans Noreg syner at Berge ikkje er på villspor i sine antagingar. For om ein ser på forsikringsmeldte bilbrannar som er meldt inn, er talet langt høgare enn dei henta frå direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap.

Per 1. oktober i år har forsikringsselskapa betalt ut over 150 millionar kroner i erstatning fordelt over 2563 bilbrannar.

I ei pressemelding forklarar Finans Noreg dei høge tala slik:

– Talet på melde forsikringsbrannar i køyretøy inneheld også såkalla «nullskadar». Det vil seie skadar som vert meldt til forsikringsselskapet, men som ikkje har eit høgt nok beløp til å kome over eigendelen som kunden har. Da vert det ikkje utbetalt erstatning.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark