Hopp til innhold

Remi (10) utestengt frå prøve

Blinde og svaksynte barn får ikkje lov til å ta nasjonale prøver i engelsk. Blindeforbundet reagerer kraftig på at prøva ikkje er tilrettelagt for desse barna.

Remi Kleiv og Aina Mari Kleiv

KJEMPAR FOR SONEN: Aina Mari Kleiv var sint når sonen Remi ikkje fekk ta den nasjonale prøva i engelsk.

Det sårar meg langt inn i hjarterota at sonen min ikkje får delta i ei slik prøve, og eg vil seie at dette er diskriminering av svaksynte barn, seier Aina Mari Kleiv.

Da dei nasjonale prøvene i engelsk vart haldt for 5.-klassingar landet rundt i haust, fekk ikkje sonen hennar Remi vere med fordi han er blind.

– Prøva var visstnok veldig visuelt krevjande. Så om svaksynte barn skulle ta den ville dei trengd så mykje hjelp frå ein annan person, at det ikkje var noko vits for dei å ta den, seier Keiv.

Sverre Fuglerud, blindeforbundet

VIL HA STATEN PÅ BANA: Seksjonsleiar for samfunnskontakt i Blindeforbundet, Sverre Fuglerud.

Foto: Ingar Næss

På grunn av dette kunne altså ikkje skulen la Remi ta prøva, sjølv om dei hadde lyst. Det må altså gjerast noko med sjølve prøva, skal barn som Remi få ein sjanse til å ta den.

– Me som skule kan ikkje leggje til rette, eller endre nasjonale prøver. Det må gjerast av dei som lagar den, seie rektor ved skulen i Kviteseid, Odd Arne Thorbjørnsen.

Remi var ikkje det einaste svaksynte barnet som vart nekta å ta denne nasjonale prøva i haust. Kleiv er opprørt over at styresmaktene ekskluderer sonen, og andre barn med same handikap, frå å ta prøvene.

Remi Kleiv

BLIND: Remi Kleiv les og skriv punktskrift når han gjer lekser.

Foto: Privat

Reagerer kraftig

– Me tykkjer dette er alvorleg fordi det hindrar desse elevane frå å vere ein del av det sosiale klassemiljøet, seier seksjonsleiar for samfunnskontakt i Blindeforbundet, Sverre Fuglerud.

Han legg til at det er vanskeleg for Blindeforbundet å krevje at skulane legg særskilt til rette for denne elevgruppa, når staten ikkje tykkjer det er viktig.

Magnus Thue

SKAL SJÅ PÅ SAKA: Statssekretær i kunnskapsdepartementet, Magnus Thue (H), seier dei vil sikre at alle barn får høve til å ta dei nasjonale prøvene.

Foto: Marte Garmann

Kunnskapsdepartementet meiner på si side at alle barn skal få høve til å ta prøvene i framtida.

Skulen skal vere tilgjengeleg for alle, og me vil no sjå nærmare på denne saka, slik at svaksynte barn også skal få ta nasjonale prøver i engelsk, seier statssekretær Magnus Thue (H).