Hopp til innhold

Trebarnsmora grua seg til sommarferien – no strøymer tilboda inn

Etter at trebarnsmora frå Midt-Telemark fortalde si historie, vil folk frå heile landet hjelpe både ho og andre som var redd dei ikkje kunne gje barna sine nok opplevingar i år.

Monika Langemyr sit på trampolina i hagen.

NO KAN SOMMAREN KOME: Monika Langemyr er takksam for alle tilbakemeldingar ho har fått.

Foto: Guro Brattespe Lahus / NRK

– Så mykje glede frå folk som vil gje meg og gutane mine ei oppleving, det er heilt utruleg, seier ei audmjuk mor.

Førre veke skreiv NRK at mange barnefamiliar gruar seg til sommarferien . Det kom fram i ei undersøking gjort for Unicef Noreg der heile ein av fire svarte at dei føler koronasituasjonen vil påverke deira evne til å gje ungane den sommarferien dei fortener.

Monika Langemyr, som stod fram i saka, er overvelda og takksam for all responsen ho har fått.

No har både trebarnsmora og Unicef merka auka pågang frå folk som vil hjelpe.

Stor givarglede

– Me ser at pågangen har vore mykje større og det er fleire no som ringjer for å høyre korleis dei kan bidra, seier Kristin Oudmayer i Unicef Noreg.

Kristin Oudmayer pressebilde

Kristin Oudmayer er direktør for barns rettar i Unicef Noreg

Foto: Unicef / Unicef

Oudmayer er glad for å sjå den auka pågangen på den digitale møteplassen deira, Feriesentralen.no. Dei ser at fleire legg ut annonse på at dei ynskjer å låne noko, men også at fleire legg ut ting dei vil låne bort eller gje bort.

– Det betyr at fleire barn kan få gode sommarminne.

– Gjennom fleire år har me sett at det er fleire som ynskjer å bidra i både samfunnet, i sitt nærmiljø og med enkeltmenneske, men det er ikkje alltid så lett å vite korleis. Då kan dei bruke feriesentralen.no.

Det treng ikkje alltid vere så mykje

I nabokommunen Seljord sat ein av familiane som sende melding til Monika Langemyr.

– Eg synest det var trist at det skulle vere sånn, seier Stine Falander. Ho er tydeleg bevega.

Då sende mannen hennar ei melding til trebarnsmora for å høyre om ho og gutane ville vere med dei på fisketur.

Stine ordnar i hagen

SMÅ TING STORE GLEDER: Ei gamal leike frå loftet eller fiskeutstyr frå kjellaren, kan glede mykje, seier Stine Falander.

Foto: Guro Brattespe Lahus / NRK

– Me fekk eit smilefjes tilbake, så ho hadde lyst til det, seier Falander.

Ho trur slikt betyr mykje for enkeltmenneske.

– Eg trur det er godt å tenke på at nokon bryr seg og tek vare på andre. Det betyr kanskje enda meir viss det er nokon ein ikkje kjenner som strekk ut ei hand.

Ein sommar utanom det vanlege

Det blir langt frå ein normal sommar for Langemyr i år.

Ho har fått tilbod om å låne leilegheit i Bodø og hyttetur fleire stader i landet. No håpar ho andre kan nytte seg av det, for ho har allereie sommaren klar.

Monika Langemyr nyt vêret og no gleder ho seg til sommaren

GLEDER SEG: Monika Langemyr ser lyst på sommaren og håpar at andre barnefamiliar også får nokre tilbod.

Foto: Guro Brattespe Lahus / NRK

Eit av tilboda ho har takka ja til, er frå ein hyggeleg og inkluderande familie frå Vettakollen i Oslo. Dei har tilbydd familien Langemyr å bli med på hytta deira på Sørlandet der vasski og fisketur står på menyen.

I tillegg har same familien ordna hotell og inngang til Kristiansand Dyrepark og badeland.

– Eg sat hos ei venninna og fekk hakeslepp då meldinga poppa inn, seier Langemyr.

Det blir fleire fornøyelsesparkar denne sommaren. Både Tusenfryd og Bø Sommarland står for tur.

– Det blir nok den beste sommaren på lenge, seier ei rørt mor.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark