Hopp til innhold

Mange barnefamiliar gruar seg til sommarferien

– Det gjer vondt i mammahjartet, seier trebarnsmor Monika Langemyr.

Mor og son

Familiar med låg inntekt fryktar ein sommar utan dei ferietilboda dei brukar å få. Her er Monika Langemyr med sonen sin.

Foto: Guro Brattespe Lahus / NRK

Monika Langemyr sit heime i stova i Midt-Telemark. Langemyr er uføretrygda og mor til tre gutar på ti, ni og fire år. Ho er redd det kan bli mykje heimesitting denne sommaren.

– Det er trist om ungane ikkje får noko å oppleve om sommaren. Då blir ein berre gåande heime i åtte veker, det er ikkje noko oppleving. Det gjer vondt i mammahjartet.

Mor er usikker på kva ho skal gjere med ungane i sommar.

Trebarnsmora er usikker på kva ho skal gjere med ungane i sommar.

Foto: Guro Brattespe Lahus / NRK

Dei siste åra har dei nytta eit tilbod gjennom Bø frivilligsentral. I år er det usikkert.

I ei undersøking gjort for Unicef Noreg blant norske barnefamiliar, svarar ein av fire at dei føler koronasituasjonen vil påverke deira evne til å gje ungane den sommarferien dei fortener. Undersøkinga er gjennomført blant 535 barnefamiliar i perioden 19.–29. mai.

Strekker ikkje til

Kristin Oudmayer, direktør for barns rettar i Unicef Noreg, seier at det er fleire enn tidlegare som svarar at dei ikkje får gje barna den ferien dei ynskjer, på grunn av koronasituasjonen. Spesielt blant barnefamiliar med låg inntekt, seier Oudmayer.

Kristin Oudmayer pressebilde

Kristin Oudmayer er direktør for barns rettar i Unicef Noreg.

Foto: Unicef / Unicef

– Familiar med låg husstandsinntekt gruar seg og kjenner på ein sterkare kjensle av å ikkje strekke til.

Oudmayer seier at økonomien er med på å legge premissane for korleis sommaren blir.

– Mange av dei tinga ein gjer saman med andre, som skaper dei gode opplevingane, kostar pengar. Då blir det ofte at dei som har dårleg råd, ikkje får vere med. I tillegg opplev dei at det kan bli ein slags ekskludering frå fellesskapet å ikkje ha råd til å vere med på aktivitetar.

Færre tilbod, men framleis moglegheiter

Ein rapport frå Barne, ungdoms- og familiedirektoratet viser kraftig nedgang i planlagde gruppeaktivitetar for barn og unge sommaren 2020, samanlikna med i fjor. Der kjem det fram at heile 49 prosent av aktørane planlegg færre aktivitetar og 19 prosent avlyser sommartilboda heilt.

Trass færre tilbod, viser rapporten at nokre av dei større organisasjonane planlegg auka aktivitet. Ein av desse er Røde Kors.

Mona Tveitan, koordinator for Ferie for alle i Telemark Røde Kors, seier at dei trong fleire frivillige i år for å ta omsyn til smitteverntiltaka. Nytt tilbod i år er dagsturar.

– Me ser behovet etter korleis situasjonen har vore dei siste månadene. Folk har eit behov for å kome seg ut frå dei fire veggane heime.

Dei familiane som ikkje har fått plass, skal få ei aktivitetspakke, seier Tveitan.

Ein kan bidra sjølv

Oudmayer nemner to punkt som privatpersonar kan bidra med.

– Ein kan tenke på korleis vår familie kan bidra til å skape gode møteplassar som tek omsyn til smitteverntiltaka. Det heilt nære der me bur og er. Kanskje er det fleire som kan vere med å grille?

I tillegg kan ein tenke over kva ein har sjølv som kanskje står ubrukt store deler av sommaren.

– Det kan vere hytter, telt, kano eller billettar ein ikkje får nytta sjølv.

Unicef Noreg har den digitale møteplassen Feriesentralen.no der organisasjonar og privatpersonar som har noko dei vil låne bort eller gje bort, kan leggje ut ei annonse.

Digital møteplass feriesentralen.no

På feriesentralen.no kan dei som vil låne eller låne bort, komme i direkte kontakt med kvarandre.

Foto: Skjermdump

Monika Langemyr trur at fleire ville teke imot hjelp om fleire tilbydde.

– Om nokon har ei hytte dei aldri bruker, campingplass eller telt, så ville jo det gjort veldig mykje for dei familiane som ikkje har så mykje pengar.

Ville du teke imot?

– Ja, det ville eg.