Hopp til innhold

Tørre forhold – ber folk levere gras og buskar som fôr til dyra

Hjortebonde i Holmestrand ber folk ringje før dei køyrer hageavfallet sitt på dyngja. Bondelaget trur likevel ikkje dette er redninga viss det blir fôrkrise.

Ole Christian Herup, hjortebonde i Holmestrand.

TENKJER NYTT: Ole Christian Herup, hjortebonde i Holmestrand.

Foto: Privat

– Det er jo litt vinn-vinn, seier Ole Christian Herup til NRK.

På Marienborg gard i Holmestrand har han nesten 40 hjort og 30 sauer.

Dei er ekstra svoltne om dagen. Det gror dårleg på enga, og dermed har behovet for fôr vorte stort i juni.

Hjorten krev relativt krevjande gjerdefasilitetar, og dermed er det ikkje gjort i ei handvending å flytte flokken til andre beiteområde.

Her om dagen fekk han likevel ein god ide, som allereie har vorte teke godt imot i nabolaget.

Etterlyste hageavfall på Facebook

På Facebook-sida «Holmestrand før og no» oppmoda han folk til å kontakte han om dei hadde hageavfall til overs, og folk har ikkje late seg be to gonger.

– Det er mange som tek kontakt for å levere hos meg. Ungane kan også få sjå på medan hjorten blir fora med kvist og kvast frå deira eigen hage, fortel Herup.

Hjort i Holmestrand

Hjort på Marienborg gard.

Foto: Privat

Han har også fått ein del telefonar frå folk som har misforstått oppmodinga.

– Det er fleire som har ringt og spurde om eg vil klippe hekken deira for å ta med avfallet. Det var liksom ikkje heilt tanken, understrekar han.

Innlegget er no moderert litt, for å unngå misforståingar.

Straumar på med mat

No kjem det stadig folk med hengjarlass på besøk til garden.

– Nokon kjem med fulle hengjarar, medan andre leverer i sekker. Det er veldig populært, seier bonden, som også ser saka i eit litt økologisk perspektiv.

Det er mykje godt dyrefor som blir køyrde til dyngja, meiner han.

– Der blir det sikkert også behandla fornuftig, men kvifor ikkje sørgje for det blir mat til dyr rundt omkring på gardane? Det trur eg det er fleire bønder enn meg som vil setje pris på, seier han.

Det er likevel ikkje alt av buskvekstar han ønskjer tilkøyrt.

Syrinar og thuja er ikkje eigna som dyrefor. Han sjekkar også om noko er sprøyta.

– Eg må sjå litt over det som kjem, så det ikkje blir nokon misforståingar. Om det er utanlandske buskvekstar takkar eg også nei.

– Dette er jo ikkje heile løysinga, men i det minste eit bidrag, understrekar bonden.

Inneheld for lite energi

Norges Bondelag synest det er kjempefint at hjorten kan ha nytte av hageavfall, og trur også geiter kan ha dette som tilleggsmat.

Det er likevel ikkje eigna som fôr for dyr som produserer mykje kjøtt.

– Kyr er som toppidrettsutøvarar. Dei må ha eit energirikt kosthald for å ha det bra. Hageavfall inneheld for lite energi, og vil ikkje kunne redde norsk landbruk viss det blir fôrkrise, seier 1. nestleiar Egil Hoen.

Egil Christopher Hoen, 1. nestleder i Norges Bondelag

Egil Hoen i Norges Bondelag seier hageavfall inneheld altfor lite energi til å eigne seg for storfe.

Foto: Norges Bondelag

Han seier det byrjar å bli tørt ute på jordene, og at det blir merka på produksjonen av fôr.

Han oppmodar til å ta vare på alle fôrressursar.

– Det har vore ei lågare avling enn normalt av første innhausting av gras, men dette kan rette seg viss vi får regnvêr.

For å få eit godt forår seier han at det trengst regnvêr i løpet av sju til ti dagar.