Hopp til innhold

Line Victoria: Tilfeldigheiter redda synet mitt

Optikaren trykte på «den raude knappen» då Line Victoria Husby-Sørensen stakk innom for ein sjekk. Det kan vere redninga for mange.

Line Victoria Husby-Sørensen

REAGERTE IKKJE PÅ SYMPTOMA: Line Victoria Husby-Sørensen (38) hamna på operasjonsbordet etter eit besøk hos optikaren.

Foto: Privat

Lokalpolitikaren og influensaren hadde eigentleg meir lyst på sushi enn på ein tur innom optikaren.

Likevel lét Line Victoria Husby-Sørensen seg litt motvillig overtale til å gjere det då far hennar reagerte på synsforstyrringane.

– Eg oppdaga faktisk ikkje før etter lang tid at eg nesten ikkje såg på det eine auget. Det gjorde jo ikkje vondt, fortel 38-åringen.

Små, svarte «fluger» hadde flagra rundt i synsfeltet saman med hurtige lysglimt. Og så dukka det opp ei gardin som gradvis dekte for synet på høgre auge.

Ikkje oversjå symptoma

Optikar Simon Dørheim i Tønsberg kjenner igjen symptoma. Her har netthinna losna.

Optiker Simon Dørheim

Optikar Simon Dørheim rår alle til å sjekke synsforstyrringar dei aldri har hatt tidlegare.

Foto: Vegard Unger Ellefsen / NRK

– Dette er ein av dei mest tidskritiske skadane på auget.

I løpet av nokre dagar kan auget få så store skadar at det kan vere vanskeleg å reparere det.

Dei fleste som kjem til kontroll hos optikaren, har små eller ingen endringar sidan sist dei var der. Nokon skal ha nye briller, andre har den årlege kontrollen av kontaktlinsene.

– Nokre sjukdommar utviklar seg over lang tid. Då kan det skje at nokon venner seg til symptoma sjølv om dei kanskje gradvis får dårlegare syn.

Eit par gonger i veka kan Dørheim oppleve å sjå skadar eller sjukdom på auget. Då sender han beskjed til fastlegen eller til næraste augespesialist.

Operasjon

Frå optikaren i Bamble bar det i full fart til augeavdelinga ved Betanien Hospital i Skien. Ei kjapp undersøking der stadfesta det optikaren hadde sett.

Netthinneløsning

Netthinna til 38-åringen hadde losna.

Foto: Privat

Etter ein to timar lang taxitur, var ho pasient på Ullevål sjukehus i Oslo. Operasjonsbordet var neste stopp.

Husby-Sørensen visste ikkje kva netthinneløysing var før ho opplevde dette.

Line Victoria Husby-Sørensen

Line Victoria Husby-Sørensen var spent på resultatet før lappen vart fjerna.

Foto: Privat

– Eg tenkte at dette var noko gamle menneske fekk.

38-åringen innrømmer at det berre er tilfeldig at sjukdommen vart oppdaga.

– Eg kjenner meg sjølv så godt at viss ingen hadde masa, hadde eg henta sushien, ete og lagt meg. Og tenkt at dette går over.

«Den skumle stæren»

Det er viktig å ikkje lukke auga for litt uvanlege symptom.

Grøn stær (glaukom) er ein annan, alvorleg augesjukdom.

Charlotte Deijenberg

Styreleiar Charlotte Deijenberg i Norsk Glaukomforening veit at hyppige synskontrollar er viktig.

Foto: Vegard Storbråten Øye / Norsk Glaukomforening

Styreleiar Charlotte Deijenberg i Norsk Glaukomforening får tilbakemelding frå 1100 medlemmer mellom 4 og 98 år.

Ho fortel at dei gjerne kallar den «den skumle stæren».

– 41 prosent av medlemmene har fått diagnosen under ein tilfeldig kontroll hos optikaren. Undersøkinga viser òg at 19 prosent har fått beskjed hos augelegen.

Fleire kontrollar

Line Victoria Husby-Sørensen veit ikkje kor godt synet blir før nokon månader etter operasjonen.

Så langt viser kontrollane at det går framover.

Mindre enn ein månad etter operasjonen har ho fått ei gladmelding: Ho får køyre bil igjen.

– Då kom det eit jubelrop inne hos augelegen.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark