Hopp til innhold

Ingen stader stig boligprisene meir enn her

Kragerø hadde ein oppgang på 20,6 prosent det siste året. – Det er litt overraskande, seier administrerande direktør i Eiendom Norge.

Kragerø sentrum fra Blindtarmen

STOR AUKE: Kragerø er den staden i landet der bustadprisane har auka mest det siste året.

Foto: Gry Eirin Skjelbred / NRK

Eigedomsmeklar i Aktiv Kragerø, Nora Eikeland, fortel at det har vore ekstra trykk på alt dei legg ut.

...

BRA TRØKK: Eigedomsmeklar i Aktiv Kragerø, Nora Eikeland fortel at bustadmarknaden er uvanleg heitte.

Foto: Martin Torstveit / NRK

– Det er bra trøkk. Onsdag hadde eg ei visning på eit hus og der hadde vi tolv stykke på visning, seie ho.

Torsdag hadde Eikeland seks sal, i tillegg til mellom tre og fire sal tidlegare i veka. Det blir nesten ti sal i løpet av den veka her.

– Det er heilt vanvittig. Det er ikkje vanleg i det heile tatt, seier ho.

Ho legg til at ho trur bustadmarknaden generellt er ganske heitte.

Sterk utvikling

Eiendom Norges tal frå første kvartal 2021 viser ein oppgang i bustadprisane i alle delar av landet.

Ifølgje administrerande direktør i Eiendom Norge, Henning Lauridsen, er dette normalt for årets første månader, men oppgangen er betydeleg sterkare samanlikna med same periode dei siste åra.

Henning Lauridsen, administrerende direktør i Eiendom Norge

OVERRASKA: Administrerande direktør i Eiendom Norge Henning Lauridsen er overraska over at Kragerø ligg på toppen nasjonalt.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Den sterkaste utviklinga i første kvartal hadde bydelane i Oslo. Sterkast var bydel Østensjø, der bustadprisane steig med 7,7 prosent. Også fleire stader i Vestfold og Telemark, og dessutan Steinkjør og Bodø har ein god vekst.

– Den sterke veksten over heile landet skylder dei låge rentene, og dessutan er det vorte større etterspørsel etter bustad under koronapandemien. I dei aller fleste områda i Noreg har det vore tydeleg auke i tal selde bustader, seier Lauridsen.

Press på etterspørselen

Daglig leier i Aktiv Kragerø Ronny Jørstad merke at det har vore auka etterspørsel etter bustader, spesielt fritidsbustader.

– På bustadmarknaden følgjer vi statistikken nøye og vi ser at prisane har gått markant opp det siste året utan tvil, seier han.

...

AUKA ETTERSPØRSEL: Daglig leier i Aktiv Kragerø Ronny Jørstad merke at det har vore auka etterspørsel etter spesielt fritidsbustader.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Jørstad trur det i stor grad er tillfeldigheter, og ser at det er veldig mange som går frå leigeforhold til kjøp av bustad.

– Det legg press på etterspørselen, seier han.

Jørstad legg til at tilbudsiden ikje har vore veldig høg og at det er lite bustader som ligger ute.

På toppen

Henning Lauridsen i Eiendom Norge synest den solide kvartaløkninga til Kragerø på fem prosent er spesiel i seg sjølv, men synest prisveksten Kragerø hadde på siste fire kvartal på 20,6 prosent var noko heilt eige.

– Det er langt kraftigare enn det ein ser andre stader i regionen og for så vidt òg andre stader, fortel han.

Kragerø ligg på toppen nasjonalt når det gjeld firekvartalsveksten. Det syns Lauridsen er overraskande.

– Det er litt overraskande fordi samanlikna med regionen forøvrig så er det heilt andre tal vi ser i dei andre byane og områda i Vestfold og Telemark, seie han.

Lauridsen fortel vidare at han trur mykje av det er på grunn av mange har fått betra råd på grunn av låg rente. I tillegg har mange i praksis hatt forbod om å bruka pengane sina på utenlandsreiser.

– Det kan ikje forklara heile den veksten Kragerø har hatt, men det ligg nok mykje der, avsluttar han.