Hopp til innhold

Statsbudsjettet i Telemark 2020

  • Avisa må fram til abonnenten

    LLA (Landslaget for lokalaviser) er særs nøgd med å ha nådd fram med ønsket om å sikre avisomdeling i alle delar av landet når posten reduserer til postomdeling annankvar dag frå neste sommar. – Me satsar det me kan på digitalisering, men det er framleis papiravisa som finansierer det meste av journalistikken. Då er det sjølvsagt heilt avgjerande at papiravisa når fram til abonnentane, seier redaktør i Vest-Telemark Blad, Øystein Øygarden.

    Øystein Øygarden
    Foto: VTB
  • Kvalitetsnorm for villrein

    Regjeringa foreslår å løyve 8,5 millionar kroner til å opprette ein kvalitetsnorm for villrein, verdiskaping i villreinfjella og til konkrete tiltak i villreinområda. Det er klima og miljødepartementet som har foreslått ein kvalitetsnorm.

  • Vinje-senteret manglar pengar

    Nynorsk kultursentrum seier det er synd at regjeringa ikkje har løyvd dei nødvendige driftsmidlane til Vinje-senteret i Vinje for 2020. Vinje-senteret manglar to millionar kroner til drifta, og det vil gjere det vanskelegare å gjennomføre løftet for journalistikk og dikting som trengst, seier styreleiar Lodve Solholm.

  • Ikkje meir til skulehelsetenesta

    Elevorganisasjonen i Telemark gir kommunane skulda for at det ikkje blir gitt meir pengar til skulehelsetenesta i statsbudsjettet. Leiar Odin Hovland Stahlsberg seier kommunane har brukt pengar som skulehelsetenesta skulle hatt til andre ting. Han meiner pengane må øyremerkast for å komme elevane til gode.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark