– Du ser at det er arkitektar som har kosa seg og teikna noko du ikkje har sett før når du kjem hit. Både når det gjeld materialval og måten det er løyst på. Her har du eit overbygt inngangsparti der dei har bruka nokre nye epoxy betongplater, kombinert med treverk.
Jan Aarak tilbyr hytter teikna av Snøhetta i Svivkollen hyttefelt.
Foto: Ragnar Lurås / NRKJan Aarak i Svivkollen hyttefelt fortel at dei ville utvikle eit hyttefelt med moderne hytter som er tilpassa terrenget saman med Snøhetta, Dronninga landskap og Planhuset.
– For vi veit at både i Nissedal og elles i landet er det mange byggeklare hyttetomter.
Dette er den første familiehytta av typen Gapahuk, som Snøhetta har teikna for Rindalshytter, som er klar til innflytting.
For folk som er glad i naturen
Seniorarkitekt Anne Cecilie Haug i Snøhetta.
Foto: Nicolai Ramm ØstgaardAnne Cecilie Haug i Snøhetta har vore med på å utvikle hyttetypen for Rindalshytter. Ho trur hytta vil appellere til ein aktiv familie.
– Eg trur hytta vil appellere til folk som er glad i å vere ute i naturen, vere saman og ete god mat. Menneske som kjøper hytte fordi dei har lyst til å kome nærare naturen enn dei er heime.
Seniorarkitekt Marianne Sæthre i Snøhetta.
Foto: SnøhettaDet er Snøhetta saman med Dronninga landskap som har planlagt Svivkollen hyttefelt i Nissedal. Marianne Sæthre trur idealet om å kome nærare naturen er på veg tilbake.
– Vi trur publikum er interessert i moderne hytter som er skånsame mot naturen. Den beste løysinga for ei hytte må vere på ei naturtomt, der du er meir i pakt med naturen.
Hyttefelt med moderne hytter
Interiørbilde frå Gapahuk-hytta.
Foto: Lars FlødeDet er lokale snikkarar i WP Eiendomsutvikling, med Carl Winter Larsen og Geir Pettersbakken, som har sett opp hytta på staden.
– Her kjem du inn i eit lyst, flott inngangsparti med brei panel og listverk. Det er gjort veldig flott snikkararbeid her. Eg trur ikkje du har sett maken i dei fleste andre hytter. Berre stig på.
Jan Aarak meiner nærleiken til Nisser, den nest største innsjøen i Telemark, betyr at folk kan få seg ei sommarhytte her. Samstundes ligg Svivkollen nær fjellet med snø og vinteraktivitetar, der du kan gå rett ut i skiløypa.
Gode norske byggetradisjonar
Dagleg leiar i Rindalshytter, Per Inge Hyldbakk.
Foto: privat / RindalshytterDagleg leiar i Rindalshytter, Per Ivar Hyldbakk, fortel at dei tok kontakt med Snøhetta for å kome eit steg vidare med å utvikle moderne hytter tufta på gode norske byggetradisjonar, og som skal passe inn i terrenget.
– Vi har utvikla ein hyttetype med Snøhetta, og det vil kome meir etter kvart.
I Svivkollen i Nissedal meiner han det er ei tilnærming der natur og hyttebygg spelar på lag.
– Det synest eg er ein attraktiv tanke, som eg håpar fleire vil ta i bruk.