SE OGSÅ: |
![]() |
ALT OM: |
Bare timar etter at skulptursamlinga var ferdig montert blei to av statuane velta natt til laurdag.
Natt til søndag blei to statuar til øydelagt.
![Jernstengane i er brotne tvers av ved foten av skulpturane. Jernstengane i er brotne tvers av ved foten av skulpturane.](http://img.nrk.no/img/377558.jpeg)
Jernstengane i er brotne tvers av ved foten av skulpturane.
Verdien på dei fire øydelagte skulpturane er 200.000 kroner, skriv TA.
Vil overvake skulpturane
Initiativtaker og eiger av Falkum Galleri, Harald Winter Johansen, seier at han vil drøfte med kommunen om samlinga må overvåkast, eller om den må fjernast.
Betongskulpturane til kunstnaren Benthe Marit Norheim er på besøk i Skien og deltek i ein stor skulpturutstilling i parkområda ved Langbryggene.,
Dei har vore utstilt i mange europeiske byar. I Skien overlevde dei ikkje den første natta.
Winther Johansen fekk melding om hærverket på dei to første skulpturane av ein nabo til parken laurdag. Han ba då politiet om å følgje med på staden når dei kjørte patrulje.
Utstillinga opnar på onsdag
Natt til søndag blei to figurar til lagt i bakken.
- Utstillinga opner offisielt laurdag. Eg kjem til å skaffe nye jarnstenger og håpar at dei fire figurene står oppreist igjen til onsdag, seier Winther Johansen til TA.
Han vil be om eit møte med kommunen for å finne ut kva som skal skje vidare. Blant anna om det er aktuelt med overvaking, eller om kunsten må fjernast.
Det er meininga at den store skulpturutstillinga skal pryde Skien fram til 31. august.
![Fire skulpturar er øydelagt i Bryggeparken midt i sentrum av Skien. Foto: Ragnar Lurås Fire skulpturar er øydelagt i Bryggeparken midt i sentrum av Skien. Foto: Ragnar Lurås](http://img.nrk.no/img/377556.jpeg)
Fire skulpturar er øydelagt i Bryggeparken midt i sentrum av Skien. Foto: Ragnar Lurås