Hopp til innhold

Fylkesmann rår folk til å unngå reiser med kollektivtransport til og frå Oslo

Fylkesmannen og kommunane i Vestfold og Telemark anbefaler befolkninga i fylket å unngå offentleg transport til og frå hovudstaden.

Tog fra Oslo S

Om ein må reise til eller frå Oslo blir det anbefalt at ein bruker munnbind der ein ikkje kan halde ein meters avstand.

Foto: Anders Fehn

Det kjem fram i ei pressemelding måndag.

Felles haldning

Om ein må reise til eller frå Oslo anbefalast det at ein brukar munnbind der ein ikkje kan halde ein meters avstand.

Vidare blir dei i fylket som har arbeidsplass i Oslo, eller som treng å pendle gjennom Oslo, oppfordra til å bruke heimekontor i staden for å reise.

Det seier assisterande fylkeslege Mats Foshaug.

Mats Foshaug

Assisterande fylkeslege Mats Foshaug.

Foto: Privat

– Vi anbefaler å ikkje reise til og frå Oslo, når ein kan la vere. Vi anbefaler også å bruke munnbind på kollektivtransporten til og frå Oslo, dersom ein ikkje kan halde seg ein meter unna andre.

Fylkesmannen i Vestfold og Telemark har måndag formiddag vore i møte med leiinga frå kommunane i fylket.

Formålet med møtet var å skape ei felles haldning til korleis ein skal forhalde seg til det auka smittetrykket i Oslo og i Vestfold og Telemark, skriv fylkesmannen.

I møtet vart særleg pendling til og frå Oslo tematisert.

Ein vart einige om at dei anbefalingane Folkehelseinstituttet har kome med til kommunar som har nær kontakt med Oslo gjennom pendling skal følgjast når det kjem til reiser til og frå hovudstaden.

Anbefaler heimekontor

Fylkesmannen anbefaler no følgjande:

  • At befolkninga unngår kollektivtransport til og frå Oslo.
  • At ein brukar munnbind på reiser til og frå Oslo der ein ikkje kan halde ein meters avstand.
  • Vidare oppfordrar fylkesmannen dei i fylket som har arbeidsplass i Oslo, eller som treng å pendle gjennom Oslo for å kome til arbeidsplassen sin, til å bruke heimekontor i staden for å reise.

– Ikkje ein erstatning

I dag tok også Tønsberg kommune grep etter å ha blitt «raud». Kommunen anbefaler også munnbind på stader dei ikkje klarer å halde ein meter avstand.

Tønsberg-ordfører Anne Rygh Pedersen med munnbind

– Dette er ikkje ei erstatning for å halde ein meter avstand, seier ordførar i Tønsberg, Anne Rygh Pedersen, til NRK.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

Det blei bestemt på et krisemøte i dag.

– Det kan gjelde bussar og butikkar i rushtida, men dette er ikkje ei erstatning for å halde ein meter avstand. Det er framleis det viktigaste tiltaket, seier ordførar Anne Rygh Pedersen til NRK.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark