Hopp til innhold

Tenåringar tatt for hasjbruk – kasta ut av Little Stevens Bluesschool

Sju ungdommar frå 13 til 18 år vart kasta ut av bluesskulen under Notodden Bluesfestival etter narkotikabruk.

PEOPLE VAN ZANDT

NULLTOLERANSE: Little Stevens Bluesschool har nulltoleranse for rusbruk, og dermed vart sju elevar kastet ut, etter hasjbruk.

Foto: LOUIS LANZANO / AP

– Vi fekk mistanke om at det var nokre elevar som brukte ulovlege rusmiddel på skulen, og det viste seg at det var sju stykk som hadde brukt hasj, seier festivalleiar ved Notodden bluesfestival, Jostein Forsberg.

Skulen kontakta politiet og kalla inn alle foreldra til eit møte. Dei sju vart isolert frå dei andre elevane, og fekk beskjed om at dei ikkje var ønskt på skulen. Det var avisa Telen som fyrst fortalde historia.

Little Stevens Bluesschool er eit bandseminar for ungdom. I aldersgruppa 13 til 18 år var det totalt 43 elevar.

Nulltoleranse

Jostein Forsberg, Notodden Bluesfestival

Jostein Forsberg seier de nå vil ta rusførebygging inn som ein del av pensumet ved bluesskulen.

Foto: Roald Marker / NRK

Jostein Forsberg seier dei ikkje tolerer noko form for rusbruk på skulen, og at dei difor vart kasta ut med ein gong.

– Elevane kjente til reglane våre, og at vi har nulltoleranse når det gjeld rusbruk. Når dei valde å sjå bort ifrå det, var det berre éin måte å gjere det på.

Han seier dei ønsker å lære ungdommen til å bli gode i seg sjølv.

– Musikkhistoria viser jo at det er grunn til å førebu ungdommen på at dei skal leve i ei verd med mange freistingar. Vi kjenner jo alle historia til Jimi Hendrix, Janis Joplin og Amy Winehouse, for å nemne nokon. Vi vil lære ungdommen til å bli sterke i seg sjølv, og kunne ha evna og styrken til å seie nei, seier Forsberg.

Politiet skryter av festivalleiinga

Nå blir eit rusførebyggjande og faktabasert foredrag ein del av pensumet på skulen i etterkant av hendinga.

Politiet seier det er viktig at det blir jobba førebyggjande med slike saker.

– Det at eit foredrag blir ein del av pensumet til skulen, er veldig riktig. Vi veit at narkotika og rus øydelegg den enkelte, og familiar blir splitta. Den personlege kostnaden for den det gjeld og familien rundt er så stor, seier Paul Andre Carlsen i Sør-Øst politidistrikt til avisa.