Tysdag utvida politiet siktinga mot ein mann i 30-åra som sit varetektsfengsla for drap til å gjelde drap på enda ein person.
17. juli 2023 blei Stig Kyrre Nybråten (54) funnen død i ei leilegheit i Porsgrunn.
Dødsfallet blei etterforska som mistenkeleg, men politiet meiner nå at den sikta mannen også drap Nybråten.
Frå før er 39-åringen også sikta for å ha drepe kjærasten sin på ein fest i september 2022.
– Viktig informasjon
Den avdøde 54-åringen skal ha vore eitt av to vitne til hendinga.
– Vi har fått fleire nye tips med det vi meiner kan vere viktig informasjon, seier politiadvokat Tine Henriksen i Sør-Aust politidistrikt.
– Kva slags informasjon er dette?
– Eg ønskjer ikkje å gå i detalj på det. Det har vore viktig informasjon knytt til eit av dødsfalla.
– Er det ting som styrker drapsmistanken?
– Det ønskjer eg ikkje å seie noko om. Vi meiner det kan vere viktig informasjon og det følger vi opp, seier Henriksen til NRK.
Den drapssikta 39-åringen har sagt nei til nye samtalar med politiet, men politiadvokaten seier ho er i dialog med forsvararen hans, Espen Refstie, med tanke på nye avhøyr.
Det har ikkje lykkast NRK å kome i kontakt med Refstie torsdag.
– Tungt
Monica Tveit Tjentland er bistandsadvokat for sambuaren til avdøde Stig Kyrre Nybråten.
Ho seier at klienten hennar har det tøft.
– Det er sjølvsagt ein svært vanskeleg situasjon å stå i for henne, seier Tjentland til NRK.
Ho kan ikkje kommentere etterforskinga til politiet ytterlegare.
– Dokumenta til politiet i saka er klausulerte. Vi har derfor avgrensa innsikt i saka, og kan dermed ikkje seie noko om verken siktinga eller politiarbeidet.
Dette har skjedd:
- 9. september 2022Dødsbrann
Politiet fikk melding om hendelsen fra personer som befant seg i området, og som hørte kvinnen skrike. Kvinnen som var skadd etter brannen, var sterkt forbrent, fortalte politiet.
- 12. september 2022Kvinnen dør
Kvinnen ble behandlet for brannskader ved Haukeland sykehus i Bergen, men dør av skadene hun fikk tre dager etter brannen.
- 17. juli 2023Mann i 50-årene blir funnet død
En mann i 50-årene blir funnet død i boligen sin i Porsgrunn. Mannen hadde status som vitne etter hendelsen i september 2022.
- 26. september 2023Mann i 30-årene pågrepet
En mann i 30-årene blir pågrepet og siktet for drap på kvinnen. Samtidig etterforsker politiet om det er en sammenheng mellom de to dødsfallene.
- 9. april 2024Drapssiktet blir siktet for enda et drap
Politiet utvider siktelsen til mannen i 30-årene. I tillegg til drapet på kvinnen blir mannen nå også siktet for drap på mannen i 50-årene fra Grenland.