Hopp til innhold

Sa ifrå om forsøpling i hyttefelt: – Er du politi, eller?

Ein hytteeigar fekk høyre det då ho snakka til nokon som ville kaste ein stor madrass. Hold Norge Rent meiner konteinarar bør setjast innandørs eller gravast ned.

Søppel på hytterenovasjon i Rauland

SØPPEL FLYT RUNDT KONTEINARANE: Slik såg det ut i helga på ein avfallsplass i Rauland i Vinje der mange hytteeigarar kastar avfallet sitt.

Foto: Ragnar Sageie

CO₂ i atmosfæren
419,7 ppm
1,5-gradersmålet
+1,08 °C
Les mer  om klima

Målingsspann og restar av torvtak i sekker på utsida – og konteinarar fulle av sofaputer og ein Jensen-madrass.

Sist søndag var ein avfallsplass igjen overfylt av søppel, og dyr hadde drege utover det dei hadde fått tak i.

Ein hytteeigar var på veg opp til eit hyttefelt på Rauland i Vinje då ho såg to personar i ferd med å kaste ein madrass.

Ho gav klar beskjed, men fekk eit krasa svar.

– Er du politi eller overoppsynmann her, eller?

Etterpå kjende ho seg dum, men angra på at ho ikkje noterte bilnummeret.

Søppel på renovasjonsplass i Rauland

Jensen-madrassen var pressa inn i opninga på avfallskonteinaren, som er meint for søppel av mykje mindre dimensjonar.

Foto: Ragnar Sageie

– Vi må skjerpe oss

Tidlegare i sommar såg ho også nokon kaste ein sofa på avfallsplassen for hytteeigarane.

Renovasjon i hyttefelt engajserer stort. Dei siste åra har det dukka opp fleire innlegg ulike Facebook-grupper. Mellom anna på Sjusjøen, Blefjell og Tunhovd i Hallingdal.

Også mangeårig hytteeigar Ragnar Sageie er oppgitt over at enkelte ikkje sorterer og kastar avfallet på ein ordentleg måte.

– Det er heilt forferdeleg at folk held på sånn. Vi hytteeigarar må skjerpe oss.

Ragnar Sageie, hytteeier på Rauland

Ragnar Sageie seier forsøplinga til tider er ille, og at problemet har vart lenge.

Foto: privat

Han er klar på at dette ikkje er turistar, for dei kastar ikkje frå seg sofaputer eller madrassar.

– Det er dessverre hyttefolk som står bak. Vi har sett det fleire gonger.

Sageie meiner renovasjonsordninga fungerer godt så lenge folk tek ho i bruk, og at elektronikk og større gjenstandar kan leverast andre stader i kommunen.

Han avviser at problemet er manglande tømming av søppel.

– Eg meiner løysinga er kameraovervaking og konteinarar der du ikkje kan få kasta store ting.

Les også: Kasta heil hytte i felleskonteinar

Hyttedelar i konteiner
Hyttedelar i konteiner

Problemet mindre enn før

Vi kastar likevel mindre søppel.

I fjor var mengda avfall frå norske hushald på det lågaste på 12 år, ifølgje Statistisk sentralbyrå, SSB.

I tillegg har vi vorte flinkare til å sortere det vi kastar.

Ansvarlege for hytterenovasjon i fleire kommunar meiner også at problemet med at folk stappar konteinarane fulle av usortert søppel, er mindre enn før.

Det kan komme av at opningane inn i konteinarar er mindre enn før, slik at det ikkje går an å leggje inn store ting.

Ei anna årsak kan vere at dei held det reint og ryddig rundt konteinarane. Då blir terskelen for å setje frå seg søppel høgare.

– Det er framleis eit problem i periodar nokon stader, men mindre enn før, seier Rune Stokke i Renovasjon Grenland.

Oppslag i søppelskuret, Kyrkjebygdheia i Nissedal. Mars 2022

Denne oppmodinga vart slått opp i søppelskuret i Kyrkjebygdheia i Nissedal i mars i fjor etter forsøpling.

Foto: Vegard Unger Ellefsen / NRK

Skal setje ut nye konteinarar

I løpet av året vil det bli ei forandring for hyttefolk på Rauland.

Selskapet Renovest, som har ansvaret for hytterenovasjonen i Vest-Telemark, skal setje ut fleire nye konteinarar.

– Då blir det lettare for hytteeigarar å sortere søppelet, og lettare å halde orden rundt avfallsstasjonane, seier dagleg leiar Tor Helge Gjersund.

Dessutan blir det umogleg å kvitte seg med store ting – som sofaputer og madrassar – i dei nye konteinarane.

Les også: – Først var det et bad, så var det et kjøkken. Hva blir det neste, liksom?

Rester av et kjøkken er spredt i skogen.
Rester av et kjøkken er spredt i skogen.

Tilrår nedgravne avfallsbrønnar

Søppel frå fulle konteinarar på avfallsplassar i hyttefelt kan ende opp som forsøpling på grunn av vêr, vind eller fuglar.

Organisasjonen Hold Norge Rent tilrår derfor å ha avfallskonteinarar innandørs dersom det er mogleg.

Viss ikkje bør søppel-igloar og konteinarar erstattast med ordningar under bakken.

– Nedgravne avfallsbrønnar er mindre, og dermed er det vanskelegare å gøyme forsøpling bak behaldarane, seier John Harald Sand i Hold Norge Rent.

John Harald Sand, prosjektleder i Hold Norge Rent

John Harald Sand i Hold Norge Rent meiner søppelkonteinarar bør stå innandørs, eller gravast ned.

Foto: Hold Norge Rent

Bortgøymde returpunkt gjer det enklare å setje frå seg avfall umerkande, meiner prosjektleiaren for landsforsøpling og kartlegging.

Dessutan tilrår han tydeleg informasjon på avfallsstasjonane.

– Folk må få vite kvar dei kan levere produkt som ofte blir sette igjen på plassen viss dette er eit problem som stadig gjentek seg.

Malingspann i søppelskuret, Kyrkjebygdheia Nissedal

Mengder av målingsboksar og avfall etter oppussing vart sett igjen i søppelskuret på Kyrkebygdheia i Nissedal i fjor.

Foto: Vegard Unger Ellefsen

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark