Då Britt Nina Andersen skulle heim frå hytta på Sjusjøen søndag, blei ho møtt av det som såg ut som ei heil hytte i felleskonteinaren.
– Me har hatt hytte der oppe i femti år, og eg har ikkje sett liknande. Det er noko riv ruskande gale, seier Britt Nina Andersen.
Synet av konteinaren gjorde at ho tok eit bilete og la det ut på Facebookgruppa «Nyhetsgruppe for Sjusjøen, Ljøsheim og Ringsakfjellet».
Konteinarane skal eigentleg brukast til vanleg avfall frå hyttene, og biletet har fått over hundre kommentarar.
«Er det verkeleg mogleg», skriv ein i kommentarfeltet. Andre lurer på kven som kan ha rive hytta si og dumpa den der. Nokon meiner gjerningspersonen burde tatt seg råd til å leige seg ein eigen konteinar.
– Dei fleste reagerer på korleis ein handterer søppelet her. Det er ikkje lov å gjere det på den måten, så det er trist eigentleg, seier Andersen.
– Folk berre dumpar det der
Odd Ivar Sørli er driftsleiar i Pihl AS som er grunneigar i området. Han seier det ikkje er ynskjeleg at det skal sjå ut slik som det gjer på Ljøsheim.
– Folk riv ut frå gamle hytter, køyrer det dit, og så berre dumpar dei det, seier Sørli.
Han seier at det også var liknande tilfelle i området i vår, men understrekar at det ikkje skal vere slik.
– Dette er på vår grunn, og me ynskjer at det skal sjå ryddig ut.
Ikkje første gong
Konteinarane er drifta av Sirkula IKS, renovasjonsselskapet i Ringsaker kommune. Administrerande direktør Grethe Olsbye seier det ikkje er første gong noko slikt har skjedd.
– Me har vore borti ved eit par hendingar tidlegare at det har vore kasta så mykje at det kan sjå ut som om heile hytta ligg i det som er rekna for fritidsrenovasjon. Det skal jo ikkje dit, seier Olsbye.
INGEN KONSEKVENS: Det er ikkje første gong at nokon har dumpa store mengder av rivne hytter i konteinarane til Sirkula IKS, seier administrerande direktør Grethe Olsbye.
Foto: Stein Schinstad / nrkOm slike tilfelle har blitt meldt til politiet er ho usikker på, og seier det ikkje står noko på konteinarane om at det er forbode å levere avfall der.
– Det er ikkje forbode?
– Konteinarane er rekna til bruk for dei som har hytter der, og kan nyttast av dei som betaler avgift. Dei er ikkje dimensjonert for store mengder. I dei tilfella må dei nesten reise på gjenvinningsstasjon.
– Får dette konsekvensar for den som har gjort dette?
– Slik me handterer det no vil det ikkje få konsekvensar for personen dette gjeld. Når det er sagt har Ringsaker kommune sett i gang ei vurdering av fylkesrenovasjonen generelt, og då spesielt i hytteområda.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: