Hopp til innhold

Vi er så glade i ramsløk at vi er i ferd med å ete han opp

Folk plukkar søppelsekkar fulle av den populære planta. Tilbake står ribba område.

Ramsløk

TRUA: Ramsløken har blitt så populær dei siste åra at han no er på raudlista over trua artar.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

Ramsløk blir brukt i gryterettar, supper og sausar på same måte som kvitløk, grasløk eller purre.

Ingjerd Beate Nyhus Larsen i Larvik er ein av mange som plukkar ramsløk. Men ho tek berre litt. I områda ho plukkar, er det den siste tida observert folk som har forsynt seg grådig.

– Vi har nokre ramsløkreglar, og det er plukk til eige behov. Det er viktig, for då kan fleire ha glede av det lengre.

Nyttevekstsakkyndig - Ingjerd Beate Nyhus Larsen.

EIGE BEHOV: Nyttevekstsakkyndig Ingjerd Beate Nyhus Larsen plukkar ulike plantar til eige bruk.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

Larsen synest det er rart å sjå folk fylle store søppelsekkar. Då er det tydeleg at det er til meir enn eige bruk.

– Eg trur det er for sal. Du orkar ikkje å ete så mykje ramsløk, då blir du kvalm.

Straffbart i naturvernområde

Vi et no så mykje ramsløk at han har hamna på raudlista over trua artar.

– Ramsløken er ein ordentleg tøffing, så han toler å bli plukka, men ikkje i bokstaveleg talt pose og sekk.

Det seier Lene Berge, som arbeider med naturforvaltning hos Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark.

I naturvernområde er det ikkje lov å plukke planter. Det gjeld også ramsløk. Likevel skjer det, og no er det høgsesong.

Det er nesten 400 ulike naturvernområde i Vestfold og Telemark.

Tre av områda blir rekna som ekstra utsett for ulovleg plukking i år: Bogen i Holmestrand, Strandvika i Sandefjord og Tangvald i Bamble.

Lene Berge i naturforvaltning hos Statsforvalteren i Vestfold og Telemark.

MÅ SKILTE: Lene Berge i naturforvaltning hos Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, seier dei no jobbar med å skilte forbodne område betre.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

– Vi får meldingar om at folk plukkar i verneområde, i store posar.

Trur du det handlar om mangel på kunnskap?

– Det er vanskeleg å seie. Det tør eg ikkje spekulere i, seier Berge.

For å hindre plukking i trua og forbodne område, blir det informert, og det blir no også skilta betre. Berge ber folk ta kontakt med dei dersom dei ser at folk plukkar i ulovlege område.

Samtidig er ho oppteken av at folk skal kose seg med å plukke ramsløk i område der det er lov.

– Det er jo flott at folk brukar naturen og dei moglegheitene vi har der. Plukking av ramsløk er ei fantastisk naturoppleving. Slike opplevingar vil vi gjerne at folk skal ha. Men vi må gjere det på ein slik måte at folk også kan ha dei opplevingane i framtida. Det er viktig.

Ramsløk

ENG MED RAMSLØK: Enkelte stader finst store enger med ramsløk, men ein må likevel respektere forbodet om å plukke dersom det er i eit naturvernområde.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

Kan bli politimeldt

I 2021 oppdaga Statens naturoppsyn at Ekebergskråningen i Oslo var omtrent reinska for ramsløk. Nokon hadde også grave opp røtene og tatt dei med seg.

Miljødirektoratet og Statens naturoppsyn reagerte etter at dei vart gjorde merksame på haustinga. Dei gjekk ut i aviser og til foreiningar og fekk spreidd informasjon.

En grein og en stein og brun jord der det skulle vært grønt av ramsløk.

RIBBA: Her skulle det vore eit grønt teppe av ramsløk.

Foto: Gry Liljefors / Statens naturoppsyn

Det hjelpte.

– I år ser det veldig grønt og fint ut, seier rådgivar i Statens naturoppsyn Gry Liljefors.

Ho er glad for at folk vart merksam på at dette var eit område der ramsløken skal stå i fred.

Ingen politimeldingar er leverte enno, men Liljefors seier at dei gjer det viss dei oppdagar lovbrot.

Gry Liljefors i Statens naturoppsyn med blå caps

FØLGJER MED: Rådgivar i Statens naturoppsyn Gry Liljefors følgjer med på ramsløken i Oslo.

Foto: privat

I Larvik er Ingjerd Beate Nyhus Larsen oppteken av at staden vere utan merke når ho forlèt han etter å ha plukka ramsløk.

Kva er den rette måten å plukke ramsløk på?

– Då tek du med deg ein liten plastpose, ein brødpose er passe. Så tek du med ei saks, så du ikkje røskar opp løken. Så klipper du av blada og går heim og lagar noko av han.

Farleg å ta feil

Ramsløk veks ofte i same område som liljekonvall og har blad som liknar.

Derfor er det viktig å vite kva ein plukkar, akkurat som med sopp.

Liljekonvall er nemleg veldig giftig.

Ramsløk og liljekonvall

VELDIG LIKE: Ramsløk (v) og liljekonvall (h) er lett å ta feil av. Blada er veldig like.

Foto: Giftinformasjonen

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark