Hopp til innhold

No får elevane dei fysiske bøkene tilbake

Skjermbruken til elevane aukar. No snur skulane, og satsar på meir handfast litteratur i klasserommet.

Elever på Presterød ungdomsskole

LESAR IBSEN: Frida Karoline Knutsen og venninna Erle Lillebakk held på med eit prosjekt om Ibsen.

LESAR IBSEN: Frida Karoline Knutsen og venninna Erle Lillebakk held på med eit prosjekt om Ibsen.

På golvet i skulebygget har nokre litt tunge pappesker akkurat deisa i golvet.

Presterød ungdomsskole sine nye, fysiske bøker har komme.

– Den som trudde kunnskap ikkje er tung å bera, har ikkje jobba i bibliotek, seier bibliotekar Marite Juul.

Bibliotekar Marite Juul på Presterød ungdomsskole

Bibliotekar Marite Juul får ei ny levering av bøker til skulen. Ho er stolt over at skulen har eit bra bibliotek, trass i den digitale satsinga over mange år.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

Bibliotekar Marite Juul får ei ny levering av bøker til skulen. Ho er stolt over at skulen har eit bra bibliotek, trass i den digitale satsinga over mange år.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

Ho ber med seg ein bunke bøker, med både Terje Vigen og Erling Braut Haaland på framsida.

No skal elevane få bryna seg på det skrivne ordet på papir.

Les også Unge leser mindre enn før: – Mange ting som kjemper om oppmerksomheten

Student Hanne Gjermundsen og Annamåd Klara Hjortaas synes det er vanskelig å få med seg alt av pensum

Manglar uthald på å lese langt

Skular i Tønsberg har etterlyst fleire fysiske bøker i undervisninga. Ønsket har gått delvis i oppfylling.

– Elevane blir stadig mindre og mindre uthaldande når det gjeld å lesa over tid. Det å bruka tid på å lese langt er viktig. Der har me ein stor jobb, seier Steinar Strand Jensen, rektor på Presterød skole.

Steinar Strand Jensen

Steinar Strand Jensen, rektor ved Presterød ungdomsskole i Tønsberg.

Foto: Helena Rønning / NRK

Steinar Strand Jensen, rektor ved Presterød ungdomsskole i Tønsberg.

Foto: Helena Rønning / NRK

For elevar i norsk skule må lesa meir på papir enn på skjerm, konkluderte «utvalet for skjermbruk» denne veka.

Skjermbruken i norske skular aukar, men elevar les dårlegare på skjerm og jobbar meir åleine når alle har kvar si digitale eining, var noko av det utvalet kom fram til.

Burde barn få fleire fysiske bøker på skulen?

Datamaskina dominerer

Elevane NRK treffer på skulen i Tønsberg fortel at dei har ei bok i kvart fag no. Bruken er det så som så med.

Grunnen; dei finn mykje av det same på pc-en.

– Eg synest bøker er viktig, men ikkje altfor mange, for då er det for tungt å bera dei med seg heim, seier Frida Karoline Knutsen og ler.

– Går det fint å lesa ei heil bok?

– Det går fint, men eg pleier å ta det over litt tid, då.

Venninna Erle Lillebakk meiner bok og PC har styrkane og svakheitene sine.

– På det digitale er det litt fleire hjelpemiddel. Men når du les, får du lesetrening. Eg synest det er fint med litt blanding.

Alvhild Storli

Alvhild Storli (16): – Eg har litt problem med å konsentrere meg, men når eg først kjem i gang, går det fint, fortel ho om sine eigne leseferdigheiter.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

Alvhild Storli (16): – Eg har litt problem med å konsentrere meg, men når eg først kjem i gang, går det fint, fortel ho om sine eigne leseferdigheiter.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

Alvilde Storli har gjort ei nyttig erfaring om lesing i fysiske bøker.

– Eg synest det er lettare å memorera det eg har lese når eg les det i ei bok, samanlikna med nettet.

– Hatt ei blind tru

Politikarane i Tønsberg har sett av 5,7 millionar kroner ekstra til innkjøp av fleire fysiske lærebøker til og med 2025.

Pengane skal også gå til ei oppgradering av skulebiblioteka.

– Det er ikkje så mykje, men eit signal, og ein start, kommenterer rektor Steinar Strand Jensen.

Meir pengar til skulebøker er noko mange skular har etterlyst, meiner Høgre, partiet som har makta i kommunen.

– Det er eit stort behov for å styrkja læringa til elevane. Då veit me at læreboka kan bidra til å auka leselysta og læregleda, fortel Mathias Willassen Hanssen (H), leiar for utval for oppvekst og opplæring.

Mathias Willassen Hanssen

Mathias Willassen Hanssen (H), leiar for utval for oppvekst og opplæring. Det beste for elevane er både digitale hjelpemiddel og analoge, meiner han.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

Mathias Willassen Hanssen (H), leiar for utval for oppvekst og opplæring. Det beste for elevane er både digitale hjelpemiddel og analoge, meiner han.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

For han vart dei dårlege resultata frå Pisa-undersøkinga i år nok eit argument for å kjøpa inn fleire bøker.

– Nokre politikarar har hatt ei blind tru på at det digitale løyser alt. Det er mykje bra med det, for å kunna tilpassa undervisninga, men det er ikkje bra for alle elevane, meiner han.

Les også Ny studie kan avlive myter om barnas skjermbruk

Vegard Holm Vikså bruker mange timer i uken foran skjermen sammen med kameratgjengen.

Angrep skjermbruken

Det er musikk i øyra til statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) at skulane tek tilbake bøker på papir.

Han gjekk tysdag til kraftig angrep på skjermbruken i skulen då han tysdag samanfatta det politiske halvåret under ein pressekonferanse.

Statsministeren sa at motivasjonen til elevane fell, medan skjermbruken aukar.

– Dette uroar mange foreldre. Målet vårt er å få fråværet ned og konsentrasjonstida opp, sa Støre, som la til at han meiner dette vil føra til auka læring i norsk skule og betre resultat.