Hopp til innhold

Planlegg stor pelletsfabrikk

Selskapet Amalthea Energy planlegg ein av Europas største pelletsfabrikkar i Grenland.

Pelletsfabrikk

Maskin­utstyret frå pelletsfabrikken Hafslund la ned på Averøya kan bli flytta til Kjeøya i Skien.

Foto: AT Skog

Gjennom dotterselskapet BioGren AS vil dei produsere 300 000 tonn pellets årleg på Kjeøya ved Skien, basert på flis og rundtømmer frå Grenlandsområdet.

Anlegget vil få rundt 25 arbeidsplassar, i tillegg til rundt 300 årsverk i skognæringa, og vil bli blant dei fem største pelletsfabrikkane i Europa.

Bjørn Ivar Danielsen i Amalthea Energy er klar på kvifor de har valt Grenland som lokalitet.

Olav Veum

Olav Veum i AT Skog.

Foto: Simon Thorsdal / AT Skog

– Råvarer og hamner, og pelletsfabrikken vil ligge nære marknaden som vil vere Sverige, Danmark og Tyskland. Og i tillegg har Grenland ein industriell kultur, seier Danielsen.

Les også:

Spennande prosjekt

Nå jobbar selskapet med å få på plass ein stor, industriell investor. AT skog har takket nei.

– Vi ser det slik førebels at dette er for usikkert. Og pelletsfabrikken er litt for stor AT Skog, men eg synest det er spennande. Og det kan vere andre som er meir interessert i å investere, seier styreleiar Olav Veum.

Men Veum understrekar at sjølv om AT Skog ikkje direkte er med å investere i pelletsfabrikken, vil seie det same som at skognæringa ikkje har tru på prosjektet.

– Men det er ein del utfordringar på vegen for å få til lønsam produksjon av pellets i Norge, seier Veum.

Marknaden vil avgjere

Tormod Svartdal, Naturvernforbundet

Tormod Svartdal, Naturvernforbundet.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Tormod Svartdal i Naturvernforbundet i Telemark seier det er veldig positivt dersom nokon kan få til ei slik industrisatsing her i fylket, særleg med tanke på det som har skjedd på Tofte og elles med norsk skogindustri.

– Samstundes må ein vere djevelens advokat av og til, og håpe at dei har gjort heimeleksa si når det gjeld marknaden, for dette er eit område med mange løfter og lovnader, seier Svartdal.

Men han åtvarar om at det til sjuande og sist er marknaden sine knallharde krav som vil gjelde.

– Det har ein fått smerteleg erfare mange andre stader, seier Svartdal.

Les også:

Erfaringane frå REC

Svartdal er utdanna kjemiingeniør, og seier utfordringane for selskapet handlar mellom anna om energipolitikken i verda og marknaden.

– Denne bedrifta rettar seg mot Skandinavia og Nord-Europa, og der har dei kanskje ein annan filosofi om biobrensel enn det vi har. Men det er ikkje sikkert marknaden vil ha pellets, sjølv om alle snakkar om at vi må gjere noko for miljøet, seier Svartdal.

Han viser til erfaringane med REC på Herøya der alle var sikre på at dette var ein kjempesuksess, og så er det kroken på døra i det dei er oppe og går.

– Slikt må vi unngå nå, seier Svartdal.

Les også:

Må vere politisk vilje

Han viser til at lønsemda vil avhenge av kva for pris bedrifta oppnår for sine pelletsprodukt i marknaden.

– Oljeprisen er ikkje særleg høg, og det er ingen politisk vilje til å auke den kunstig eller at den kjem til å stige. Difor vil dei kjempe mot konkurrerande teknologi, seier Svartdal.

Naturvernforbundet har ein kampanje for å skifte ut oljefyrane i privatbustadene, med omnar for pellets og merkar at dei slit.

– Det er vanskeleg, seier Svartdal.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark