Hopp til innhold

Brannstasjonen har 900 uvanlege utrykkingskøyretøy

Samlinga er ein av dei største i sitt slag.

Brannbilsamleren med brannbilen sin

SAMLAR: Brannbilsamlar Fred Inge Skjærum har tatt med hobbyen sin på jobb.

Foto: Håkon Lie / NRK

Først stod samlinga heime hos beredskapskoordinator Fred Inge Skjærum, men da den tok for mykje plass tok han like gjerne den uvanlege samlinga med seg på jobben.

Nå tel han 900 små brannbilar i hyllene.

Brannstasjonen på Herøya i Porsgrunn har derfor sin eigen mini-brannstasjon i lokala.

Brannbilsamling i glasshyller

Slik er delar av brannstasjonen dekorerte.

Foto: Håkon Lie / NRK

Ein av Noregs største samlingar

Dei små utrykkingskøyretøya er ein del av Noregs største samlingar av sitt slag.

Brannbilane er laga av både metall og plast, og dei er ei blanding av leiketøy og modellbilar. Det viktigaste er at det er brannbilar.

Skjærum er, og har alltid vore, over snittet interessert i nettopp denne typen køyretøy. Han begynte derfor å samle på dei i ung alder.

Brannbilsamling

Brannbilene har en verdi på alt fra 20 kroner til et beløp Skjærum ikke engang vil si høyt.

Brannbamsen med brannbilen.

Brannbamsen er også meg på laget.

Brannbilsamler

Brannbilene kommer fra alle verdens hjørner.

Brannbilsamling

Skjærum er svært engasjert når det kommer til samlingen hans.

Tyske brannbilar frå 30-talet, moderne brannbilar og alt midt imellom står parkert i glashyller på brannstasjonen.

Nokre av leikebilane har han bygd sjølv.

Eit blikkfang, dekorasjon og formidling

Morten Meen Gallefoss synest samlinga er «veldig artig». Han er leiar for Grenland brann og redning og mannen som gav grønt lys for at samlinga får stå på stasjonen.

– Utstillinga er eit blikkfang som treffer alle aldersgrupper som er på besøk, skryter Gallefoss.

Brannbilsamlinga er nemleg plassert ved inngangen til stasjonen, nettopp for å vise den fram.

– Og som utsmykking, legg Gallefoss til.

Men mest av alt synest han samlinga er ein god måte å formidle historie på.

Brannsjef i Kragerø Morten Meen Gallefoss

Morten Meen Gallefoss synest det er flott at samlinga får «bu» på stasjonen slik at flest mogleg får sett han.

Foto: Leif Dalen / NRK

Vil utvide brannstasjonen

Sjølv om det er nok til heile fem brannbilar per tilsett på brannstasjonen, ønsker brannbilsamlar Skjærum å utvikle samlinga ytterlegare.

– Det kunne vore gøy å ha hatt tusen. Om eg når målet, får tida vise, seier Skjærum.

Han har uansett haldt av ein liten del av veggen til ei ny glashylle dersom han skulle få tak i 100 brannbilar til.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark

Seriekobla campingvogner

Seriekoblede campingvogner på ferga mellom Horten og Moss: – Er som et vogntog