Hopp til innhold

Meir snø i vente: Snøkaos på vegane – stor glede i akebakken

Meteorologane ber folk førebu seg på ein ny dag med kraftig snøvêr. Kaos på vegane til trass- i akebakken blir Kong vinter ønska velkommen.

Full fart i akebakken. Elias Bauer lot seg ikke be to ganger.

FULL FART I AKEBAKKEN: Elias Bauer lét seg ikkje be to gonger.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

Onsdag har mykje snø ført til trafikkuhell og stengde vegar mange stader i Sør-Noreg.

No har Meteorologisk institutt sendt ut endå eit farevarsel om kraftig snøvêr som gjeld for fredag.

Då er det venta mellom 10 og 25 centimeter.

– Endå eit lågtrykk som kjem inn frå Skagerrak og gir ein ny runde med snø, seier meteorolog Martin Granerød.

Det nye farevarselet er på gult nivå. Meteorologane meiner det vil komme mest snø litt inn frå kysten i grensetraktene mellom Telemark og Agder.

Ønskjer snøen velkommen

Men sjølv om mykje snø fører til trøbbel på vegane, bidreg han også positivt for dei som liker litt fart og spenning i skulekvardagen.

For medan bilar og vogntog krabba seg fram i trafikken, koste mange seg i akebakken på Messeområdet i Tønsberg onsdag formiddag.

Åttandeklasse frå Kongseik skule tok like gjerne gymtimen utandørs i den djupe snøen.

Kald men glad

Thea Askjem Johansen og klassen hennar tok gymtimen ute i snøvêret.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

– Vi hadde bakkeintervall opp, også kunne vi ake ned. Det er veldig gøy at det kjem snø, seier ei lettare euforisk Thea Askjem Johansen.

Klassekompis Josef Basat Malakshahi kunne ikkje vore meir samd.

– Heilt suverent, gliser han breitt under kanten av strikkelua.

Glade åttendeklassinger i akebakken. Josef Basat Malakshahi og Elias Bauer.

Josef Basat Malakshahi og Elias Bauer trivst godt med dagens gymtime.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

Ventar høgare temperaturar

Ifølgje Martin Granerød ser det førebels ikkje ut at snøen vil bli liggjande særleg lenge. Temperaturane i området er venta å auke mot slutten av denne veka.

– Då er det greitt å førebu seg på ein ny runde med isete vegar og glatt føre fram til mildvêret får teke tak.

Meteorologisk institutt har sendt ut et nytt farevarsel om snø på Sør- og Østlandet.
Grafikk: Meteorologisk institutt

Kan påverke trafikken

Snøvêret som kjem på fredag kan skape nye utfordringar.

Meteorologisk institutt oppmodar folk til å verne gjenstandar som ikkje toler store snømengder og til å berekne god tid i trafikken.

Snøkaos på E18 4.1.23

Meteorologisk institutt oppmodar folk til å berekne god tid i trafikken fredag. Her frå E18 onsdag formiddag.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

I fjellet kan det bli kolonnekøyring og stengde vegar på grunn av snøfokk og dårleg sikt.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark