Hopp til innhold

Lanserer ny undervisningspakke for kunstig intelligens

Nytt undervisningsmateriell skal ruste unge i møte med kunstig intelligens. Men skulen har framleis ein lang veg å gå, meiner KI-ekspert Inga Strümke.

Undervising om KI

FALSK STEMME: Med kunstig intelligens kan kriminelle generere ein stemme til å likne på stemma til nokon du kjenner. Da gjeld det å vere på vakt når dei ringer og ber om passordet til datamaskina.

– Eg har bruka ChatGPT på skuleoppgåver. Der får eg ofte konkrete svar og meir informasjon, seier Ida Wangari Nordgår.

Ho er elev ved Kuben vidaregåande skule.

Klassa hennar er den aller første som får teste eit nytt undervisningsopplegg om kunstig intelligens (KI) og kjeldekritikk.

Fleire av elevane i klasserommet seier dei kjenner til KI, og at dei brukar det til skulearbeid og informasjonssøking. Nokon ber den også kome med middagstips.

Ida Wangari Nordgår

Ida Wangari Nordgår har bruka fleire KI-tenester. Blant anna Chat GPT og My AI.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / NRK

Stort behov

Målet med det nye undervisningsopplegget er at elevane skal reflektere rundt eigen bruk av KI.

I ein ny rapport varslar World Economic Forum at misbruk av KI for å spreie falsk informasjon er ein dei største trugslane mot verdssamfunnet i 2024.

– Med kunstig intelligens, og den raske feeden unge blir utsett for i dag, krevst eit heilt nytt nivå av kjeldekritikk, seier Sølve Kuraas Karlsen i Tenk. Det er dei som står bak undervisningspakke som no blir rulla ut.

Sølve Kuraas Karlsen

Sølve Kuraas Karlsen i Tenk er den som testar opplegget på elevane. Undervisningspakka er laga i samarbeid med tjekdet.dk, som er Danmarks svar på Faktisk.no.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / NRK

Karlsen seier ar der ein tidlegare har tenkt at unge i dag er digitalt innfødde, ser ein no at dei ikkje automatisk meistrar dei utfordringane moderne teknologi kastar på dei.

Læraren til elevane ved Kuben ser også behovet for kjeldekritisk opplæring etter inntoget av KI. I starten slukte elevane informasjonen frå Ki-tenester rått.

– Med algoritmane får elevane berre den sanninga dei vil ha. Så det er viktig at dei lærer om kjelder, seier Maiken Rachelsdatter Hoholm.

Hoholm er glad for at ho no kan bruke den nye undervisningspakka i klasserommet.

Maiken Rachelsdatter Hoholm

For lærar Maiken Rachelsdatter Hoholm var det kaos da KI gjorde eit inntog i skulen i 2022.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / NRK

Ein augeopnar

Elevane blir utfordra på fleire problemstillingar i undervisinga om KI. Gjennom interaktive artiklar og video må dei navigere i problemstillingane.

Veit ungdommane for eksempel at KI kan brukast til å generere stemmer?

Det betyr at kriminelle kan generere stemma til nokon dei kjenner, for så å ringe dei og fiske etter viktig informasjon. Det gjorde inntrykk på elevane.

– Dette var ein augeopnar. No veit eg at eg bør vere litt meir forsiktig, seier Aran Azhar Ibrahim.

Aran Azhar Ibrahim

Aran Azhar Ibrahim testar den interaktive artikkelen i skuleopplegget.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / NRK

Noko av det viktigaste elevane lærte var at KI berre er ei datamaskin.

– Difor må me vere meir kjeldekritiske. Eg visste at kjeldekritikk var viktig, men ikkje at det var så viktig, seier Nordgår.

Viktig med KI i klasserommet

Ein av Noregs fremste ekspertar på kunstig intelligens Inga Strümke er glad for at elevane blir utfordra til å tenke rundt bruken av KI. Ho har sjølv delteke i utviklinga av undervisningspakka.

Strümke meiner at dette er eit stort steg i riktig retning, men at det også må skje meir i skulen. Ho vil ha KI inn i læreplanane i større grad.

– Me må bli einige om kor stort ansvar som ligg i skulen. Eg meiner eit stort ansvar må ligge der. For me kan ikkje vente at alle foreldre set seg inn i dette, seier Strümke.

Ho etterlyser også meir støtte til lærarane som skal sørge for at elevane i norske skular er rusta for det som ventar dei.

Portrettbilde av Inga Strumke

Inga Strümke er førsteamanuensis ved Institutt for datateknologi og informatikk ved NTNU.  

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet Sindre Lysø var til stades under lanseringa av undervisningspakka i dag. Han meiner norsk skule er motivert og klare for å takle utviklinga.

Lysø viser til at det jobbast med KI i skulen.

– ChatGPT tok Noreg og verda med storm. Dette er eit felt som utviklar seg raskt og regjeringa er difor opptekne av at utdanningsdirektoratet må levere gode opplegg til skulane, seier Lysø.

En mann med dress og briller ser inn i kameraet og smiler. Han står foran en helt nøytral, brun trevegg.

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet Sindre Lysø meiner norsk skule er godt på veg i å lære ungdom om KI.

Foto: Jens Driveklepp

Ber om klare retningslinjer

Solveig Hals, som er fylkesleiar for Utdanningsforbundet i Telemark, trur mange lærarar er positive til at arbeidet med KI og kjeldekritikk blir sett i system.

Ho meiner det er på tide at det kjem avklaringar om korleis kunstig intelligens skal brukast i skulen etter ei litt kaotisk innføring.

Solveig Hals, fylkesleder i utdanningsforbundet Vestfold og Telemark

Fylkesleiar Solveig Hals i Utdanningsforbundet Telemark seier det er viktig at lærarar får kompetanse om kunstig intelligens.

Foto: privat

– Det kom veldig brått på. Lærarane måtte ta omsyn til dette veldig kjapt.

Hals seier ein både må snakke om korleis KI skal brukast til læring, men også korleis det skal påverke vurderinga av elevane.

– Dette flyt litt no. Vi er heilt avhengige av å få nokon felles retningslinjer ganske raskt.

Korleis avsløre Ki-genererte bilete

Falske bilete er også ei stor problemstilling med KI. Her er nokre tips elevane får i pakka for avsløre falske bilete og video.