Hopp til innhold

Nabokrangel i retten: Dømt til å klippe ned tre i eigen hage

Somme nabokranglar lèt seg ganske enkelt ikkje løyse med ein høfleg prat over hekken. Det har tre huseigarar som bur side om side i Horten nyleg fått erfare.

Detaljbilde av blodbøk

HAGETRØBBEL: Tre og hekkar er kime til nabokranglar over heile landet. Nyleg møttest fleire naboar frå Horten i tingretten for å lande ein krangel.

Foto: Stein Roar Leite / ARKIV/NRK

Ekteparet i den midtarste villaen vil sjølv bestemme høgda på eigne tre.

Naboane på kvar side av den aktuelle hagen er dundrande usamde.

Slik har det vore ei god stund, og nyleg møttest dei tre i Vestfold tingrett for å skvære opp.

Les også Huskapper anker til høyesterett

Rev ned halve uthuset

Følgde ikkje opp jobben

I april gjekk konflikten så langt at partane måtte møtast i forliksrådet for å finne ei løysing.

Der vart det bestemt at ekteparet i det midtarste huset årleg skulle gjennomføre «ei formålstenleg nedklypping av tre» på eigedommen sin.

Ekteparet starta på jobben som var pålagd dei, men etter at tre av 14 tre var klipte ned, skal arbeidet ha stansa opp.

Dette fall ikkje i god jord hos naboane, som dermed kravde at usemja vart løyst i retten.

Saka vart nyleg behandla etter reglane om såkalla småkravprosess i Vestfold tingrett.

Eit av hovudargumenta til naboane, er at vegetasjonen er påfallande meir omfangsrik enn alle andre eigedommar i det aktuelle villastrøket.

Dei meiner også at trea kastar spesielt mykje skugge over hagen i tida mellom klokka 16 og 18, som fell saman med tida når bebuarane kjem heim frå arbeid.

Vestfold tingrett i Tønsberg.

Partane møttest nyleg i tingretten for å skvære opp.

Foto: Tom Erik Haugland / NRK

– Stor verdi

Eigarane av dei omstridde trea meiner på si side at vegetasjonen på eigedommen har stor verdi for dei.

– Dei skjermar effektivt for innsyn frå naboar og vice versa. Ikkje minst mellom soveromma i andreetasjane, skriv dei som motargument i rettspapira frå saka.

Dei meiner også trea verkar dempande mot det elles dominerande inntrykket av garasjeveggen til den eine av naboane.

– Trea gir også ein svalande skugge i sommarmånadene, dei vernar dessutan for vêr og vind, og dei gir eit lunt og skjerma uterom, skriv ekteparet, som også meiner forbipasserande og andre naboar har rosa vegetasjonen på eigedommen deira.

Utbreidd med nabokranglar om tre

Nabofeidar er utbreidde her i landet. Det viser ei spørjeundersøking YouGov utførte på oppdrag for forsikringsselskapet If i sommar. Meir enn 1000 personar frå heile landet deltok.

Sigmund Clementz, If Forsikring

Sigmund Clementz, kommunikasjonssjef i forsikringsselskapet If.

Foto: If

Nordmenn kranglar om tre som kastar skugge, hekkar som er for høge og nabogrenser som er uklare.

Årleg blir advokatutgifter til over 3000 nabokranglar dekte over bustadforsikringa av forsikringsselskapa i Noreg, ifølgje If.

– Det kan vere lurt å få ordna opp på eit tidleg tidspunkt, før alt går i lås, uttalte Ifs kommunikasjonssjef Sigmund Clementz då undersøkinga vart gjord offentleg i august.

– Viss ein klarer å sjå ting frå kvarandres synsvinkel og prøve å komme fram til gode kompromiss, er nok mykje gjort i mange gryande tvistar. Uheldigvis veit vi at nabokranglar kan gå i arv.

Må justere høgda

Enden på visa i saka frå Horten vart at ekteparet må klippe ned sju av dei elleve trea i bestemde høgder.

Ingen av partane vart dømde til å betale sakskostnader.

– Når det gjeld sakskostnadene, har ingen av partane vunne ein vesentleg del av saka, skriv retten.

Advokat Ulrik Rød Karlsson representerer klagarane i saka.

Han opplyser til NRK at det er usikkert om klientane hans vil anke avgjerda frå tingretten.

– Vi har nettopp fått dommen, og vil gjere ei vurdering av denne i samråd med klientane våre, skriv han i ei tekstmelding til NRK.